Forskrift til opplæringslova
§ 2-4 Nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar
Utdanningsdirektoratet fastset, på oppdrag frå departementet, nasjonale undersøkingar om arbeids- og læringsmiljøet for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Det skal vere frivillig for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar å delta i slike undersøkingar.
Resultata av undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar. Utdanningsdirektoratet kan behandle resultat som indirekte kan knyttast til enkeltpersonar når det er nødvendig for kartlegging av tema som nemnde i første ledd, jf. opplæringslova § 14-4 andre ledd.
Endra ved forskrifter 14 okt 2013 nr. 1270 (i kraft 1 nov 2013), 4 juli 2016 nr. 873 (i kraft 1 aug 2016), 1 juli 2017 nr. 1127 (i kraft 1 aug 2017), 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021, tidlegare § 2-3a).