Forskrift til opplæringslova
§ 19-8. Satsar for refusjon
Reglane her gjeld satsar for refusjon av utgifter til opplæring som fylkeskommunen, der ein institusjon for rusmiddelavhengige eller institusjon innanfor psykisk helsevern ligg, har rett til etter opplæringslova § 13-3a andre ledd.
Fylkeskommunen der institusjonen ligg, kan krevje refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart innlagd, etter desse satsane per elev per år:
- Kr 86 000 for elevar som ikkje har behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
- Kr 253 000 for elevar som har moderat behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
- Kr 501 000 for elevar som har omfattande behov for spesialundervisning etter opplæringslova kapittel 5.
Tvist om val av sats kan leggjast fram til avgjerd for statsforvaltaren i fylkeskommunen der institusjonen ligg.
0 Tilføyd ved forskrift 4 des 2009 nr. 1478 (i kraft 1 jan 2010), endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).