Forskrift til opplæringslova
§ 19-1. Generelt
Reglane her gjeld refusjon av utgifter til undervisning for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar.
Reglane gjeld i den utstrekning andre løysingar ikkje følgjer av andre føresegner eller er avtalte mellom eit heimfylke og eit skolefylke.
Reglane her omfattar ikkje
- elevar som blir dekte av landslinjeordninga
- elevar ved sentrale lærlingskolar
- elevar som blir dekte av fengselsundervisningsordninga
- elevar som blir lagde inn på sjukehus utanfor heimfylket medan dei er elevar ved ein vidaregåande skole.