Forskrift til opplæringslova
§ 14-5 Krav for tilsetjing som morsmålslærar for elevar frå språklege minoritetar
Den som skal tilsetjast som morsmålslærar, jf. opplæringslova § 2-8 og § 3-12, må fylle eitt av desse krava:
- lærarutdanning frå heimlandet til eleven og dokumentert gode norskkunnskapar
- lærar med same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning av ei samla lengd på minst tre år inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, og dokumentert gode norskkunnskapar. Eitt og eitt halvt år av utdanninga må omfatte språket og kulturen til eleven
- norskspråkleg lærar som ikkje har same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning i eleven sitt språk som samla utgjer minst 90 studiepoeng, og god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven, i tillegg til pedagogisk utdanning etter § 14-1
- treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning der læraren har same morsmål som eleven.
Endra ved forskrifter 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015).