Forskrift til opplæringslova
§ 14-3 Krav for tilsetjing og undervisning på ungdomstrinnet
Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på ungdomstrinnet, må fylle eitt av desse krava:
- grunnskolelærarutdanning for 5.-10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
- faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget
- førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
- treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevante for faget. Dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, har fram til 1. august 2025 dispensasjon frå dette kravet, jf. opplæringslova § 10-2 tredje ledd andre punktum.
For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag. For dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, gjeld ikkje kravet om 30 relevante studiepoeng i andre fag.
Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017).