Forskrift til opplæringslova
§ 14-2 Krav for tilsetjing og undervisning på barnetrinnet
Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 1.-4. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:
- førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, og minst 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet
- førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
- grunnskolelærarutdanning for 1.-7. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
- faglærarutdanning i praktiske og/eller estetiske fag, jf. nasjonale rammeplanar, eller tilsvarande kompetanse i desse faga. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 5.-7. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:
- grunnskolelærarutdanning for 1.-7. årstrinn eller for 5.-10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
- faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
- førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
- treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på barnetrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dei som før 1. januar 2014 hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller som har fullført tidlegare allmennlærarutdanning etter 1. januar 2014, har fram til 1. august 2025 dispensasjon frå dette kravet, jf. opplæringslova § 10-2 tredje ledd andre punktum.
Endra ved forskrifter 9 juli 2007 nr. 884 (i kraft 1 aug 2007), 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014), 14 juli 2015 nr. 901 (i kraft 1 aug 2015), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017).