Forskrift til opplæringslova
§ 13-3 Oppgåver
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta
- ha oversikt over alle i målgruppa, jf. § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året.
- gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.
- etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging.
- gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar.
- etter behov følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.
Pliktene her gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.
Endra ved forskrift 20 des 2011 nr. 1522 (i kraft 1 feb 2012).