Forskrift til opplæringslova
§ 1-13 Fritak frå fag for privatistar og vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei
Reglane i § 1-10, § 1-11, § 1-12 og § 1-16 gjeld også for privatistar og for vaksne som følgjer vidaregåande opplæring spesielt organisert for dei. Fylkeskommunen gjer enkeltvedtak om godkjenning etter § 1-16.
Privatistar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har minst 5 år allsidig yrkespraksis, eventuelt inkludert opplæring i faget, er fritekne frå kravet om fellesfag for å få vitnemål som gir yrkeskompetanse. Det same gjeld vaksne som følgjer opplæring spesielt organisert for dei, og som har minst 5 år allsidig praksis, eventuelt inkludert opplæring i faget. Føresegnene om fritak frå fellesfag for å få yrkeskompetanse gjeld ikkje krava for å få generell studiekompetanse. I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring særskild organisert for dei etter kapittel 4A, er fritekne frå opplæring i faget kroppsøving.
Endra ved forskrifter 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 15 des 2011 nr. 1513 (i kraft 1 aug 2012), 13 juni 2012 nr. 731 (i kraft 6 aug 2012), 22 aug 2012 nr. 822 (i kraft 27 aug 2012).