Tilbod om skoleplass i eit anna fylke for søkjarar som ikkje får tilbod om læreplass

Kan fylkeskommunen gi skoleplass i eit anna fylke som einaste tilbod til søkjarar med rett etter forskrift til opplæringslova § 6A-9?

Vi har fått spørsmål frå Statsforvaltaren i Vestland om fylkeskommunen kan gi skoleplass i eit anna fylke som einaste tilbod til søkjarar med rett etter forskrift til opplæringslova (heretter forskrifta) § 6A-9.

Bakgrunn

De viser til at fylkeskommunen etter opplæringslova § 13-3 første ledd har plikt til å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for alle som er busette i fylkeskommunen. Etter andre ledd har fylkeskommunar som har ledig kapasitet plikt til å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke. De legg til grunn at fylkeskommunen normalt ikkje kan oppfylle retten til vidaregåande opplæring ved å tilby skoleplass i eit anna fylke, med mindre søkjarane sjølve har søkt seg dit.

På bakgrunn av at fylkeskommunen etter forskrifta § 6A-6 kan tilby læreplass i eige fylke eller i eit anna fylke, er det uklart for dykk kva som gjeld for søkjarar med rett til vg3 i skole etter forskrifta § 6A-9. De vurderer at søkjarane ikkje får reelt oppfylt retten til opplæring dersom skoleplass i eit anna fylke er det einaste tilbodet.

De ber difor om ei oppklaring av om fylkeskommunen kan gi skoleplass i eit anna fylke som einaste tilbod til søkjarar med rett etter forskrifta § 6A-9.

Vårt svar

Som de påpeiker er fylkeskommunen ansvarleg for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som er busette i fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 13-3 første ledd. Dette er annleis når det gjeld tilbod om læreplass, sidan fylkeskommunen kan gi tilbod om læreplass i «eige fylket eller i eit anna fylke», jf. forskrifta § 6A-6 andre ledd tredje punktum. Tilsvarande ordlyd følgjer ikkje av forskrifta § 6A-9. For dei som får tilbod om vg3 i skole etter forskrifta § 6A-9, gjeld dei same reglane som for elevar, jf. opplæringslova § 4-1 andre ledd. Det kan ikkje utleiast av forskrifta § 6A-9 at fylkeskommunen kan gi tilbod om opplæring i vg3 i skole i eit anna fylke. Fylkeskommunen si plikt etter opplæringslova § 13-3 første ledd gjeld også desse elevane.

Dersom ein kandidat ønskjer opplæring i vg3 i skole i eit anna fylke, og fylkeskommunane har avtale om dette, kan fylkeskommunen gi tilbod i eit anna fylke som gjesteelev. I dei tilfella ein fylkeskommune har ledig kapasitet, har dei ei plikt til å gi tilbod til søkjarar frå andre fylke, jf. opplæringslova § 13-3 andre ledd.

Elles vil vi minne om at retten til vg3 i skole for dei som ikkje får tilbod om læreplass, berre gjeld ein «rett til inntak i et programområde på Vg3 som byggjer på det programområdet på Vg2, som søkjaren har gjennomført.», jf. forskrifta § 6A-9 første punktum.

Konklusjon

Fylkeskommunen kan ikkje gi tilbod om vg3 i skole i eit anna fylke etter forskrifta § 6A-9. Fylkeskommunen kan gi tilbod om vg3 i skole som gjesteelev i eit anna fylke dersom søkjaren ønskjer det, og dersom fylka har avtale om dette.

Vår referanse: 2023/8390