Lokale retningslinjer for rapportering

Kommunen har ikkje høve til å gi mindre tilskot enn minimumsforpliktinga, men står fritt til å gi meir. Dersom kommunen bestemmer at dei ikkje-kommunale barnehagane skal rapportere om barnetal fleire gonger i året, skal dette, og kva som skal til for at tilskotet skal endrast i løpet av året, fastsettast i eigne lokale retningslinjer.

Gjelder

Vi svarer i dette brevet på spørsmål om meir eller mindre tilskot enn det kommunen er forplikta til som eit minimum, og lokale retningslinjer.

Kommunane kan gi meir, men ikkje mindre, tilskot enn minimum

Barnehagelova § 14 regulerer kommunalt tilskot til godkjende ikkje-kommunale barnehagar. Plikta til å gi tilskot til ikkje-kommunale barnehagar er regulert av forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager § 3, jf. §§ 4 og 5.

Forskrifta § 3 andre ledd handlar om minimumsforpliktinga kommunen har overfor dei ikkje-kommunale barnehagane. Kommunane har ikkje høve til å gi mindre tilskot enn det som er minimumsforpliktinga, men dersom dei ønsker å gi meir til alle ikkje-kommunale barnehagar i kommunen, står dei fritt til å gjere det.

Ønsker kommunen å gi meir enn minimumsforpliktinga til éin eller fleire  ikkje-kommunale barnehagar, kjem ikkje forskrifta til bruk, jf. forskrifta § 1 andre ledd, jf. §  2. I rundskriv F-2011-5 blir tilfellet omtalt på denne måten i tilknyting til § 1:

«[f]orskriften regulerer ikke likebehandling mellom de enkelte ikke- kommunale barnehagene. Kommunens adgang til å yte tilskudd utover forskriftens rammer følger av forvaltningsloven og de alminnelige forvaltningsrettslige regler om saklighet, rimelighet og likebehandling.»

Rapportering av barn i ikkje-kommunale barnehagar

I forskrifta § 7 er rapportering av barn i ikkje-kommunale barnehagar omtalt. Her følger det av første ledd at «[e]iere av ikke-kommunale barnehager skal 15. desember hvert år rapportere om antall barn, barnas alder og oppholdstid i barnehagen». Eigarar av ikkje-kommunale barnehagar er dermed pålagde ei rapporteringsplikt. Vidare følger det av føresegna at «[r]apporteringen danner grunnlag for utmålingen av kommunalt tilskudd året etter». Dette inneber at rapporteringa av 15. desember er eit utgangspunkt for utmålinga av kommunalt tilskot. Kommunen kan likevel bestemme at «slik rapportering skal gjøres ved flere tidspunkter i året, og hva som skal til for at tilskuddet skal endres i løpet av året. Dette skal fastsettes i egne lokale retningslinjer».

I Rundskriv F-2011-5 står det at kommunen kan «bestemme om den i tillegg til rapporteringen per 15. desember vil ha ytterligere rapporteringer og eventuelt hvor mange ganger i året det skal rapporteres om antall barn, barnas alder og oppholdstid i barnehagen». Dersom kommunen vel å fastsette lokale retningslinjer med fleire rapporteringstidspunkt, utover 15. desember, er tilskotsendringar med utgangspunkt i dette omfatta av forskrifta, jf. forskrifta § 7 første ledd. Vi gjer merksam på at tilskotsendringar i denne samanhengen ikkje inneber ei endring av tilskotssatsen etter § 3, jf. § § 4 og 5.

Kommunen kan bestemme kor ofte det skal rapporterast, og at det skal rapporterast om talet på barn, alderen på barna og opphaldstid. Kommunen kan ut frå dette bestemme at ein auke eller reduksjon i eit visst barnetal skal føre til at tilskotet blir endra i positiv eller negativ retning i tida framover. Kommunen kan også bestemme at ein viss auke eller reduksjon i talet på barn over eller under tre år utløyser endringar i tilskotet. Ved nytt barnetal i den ikkje-kommunale barnehagen skal barnetalet gongast med satsen som er fastsett i medhald av forskrifta § 3, jf. § 4, og per heiltidsplass, jf. § 5.

Føresegna i forskrifta § 7 opnar ikkje for at kommunen sjølv kan definere kva for barn som blir rekna som over og under tre år, eller størrelsen på satsen. Dette blir uttømmande regulert av forskrifta § 3, jf. § 4, og gjeld uavhengig av om tilskotsberekninga skjer på bakgrunn av rapportering 15. desember, på bakgrunn av fleire rapporteringstidspunkt, eller på bakgrunn av «store aktivitetsendringer», jf. § 7.

Vedlegg

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}