Forskrift til privatskolelova
§ 5-10 Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling
Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar dagleg leiar inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til statsforvaltaren når det gjeld klager i grunnskolen, og til fylkestinget i vertsfylket eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klager i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.
Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.
Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.
Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).