Forskrift til privatskolelova
§ 5-9 Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling
Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Statsforvaltaren i kvart fylke nemner opp klagenemnda.
Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av statsforvaltaren. Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd oppnemnd av vertsfylket etter retningslinjer frå statsforvaltaren.
Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha vore med i førstegangsbedømminga og bør så langt det lèt seg gjere, ikkje vere frå same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.
Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.
Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.
Endra ved forskrift 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).