Forskrift til privatskolelova
§ 5-11 Klage på eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar i vidaregåande opplæring
Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen, jf. § 5-10.
Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen, jf. § 5-9.