Arbeidsutval foreslår seinare eksamensstart

Ei partssamansett arbeidsgruppe har vurdert om skoleåret kan organiserast på ein måte som gir meir tid til opplæringa. 

Gruppa tilrår ikkje å legge eksamen for vg3 til før 17. mai. Derimot foreslår dei ein kort og effektiv eksamensperiode mot slutten av skoleåret. Gruppa foreslår også at elevane skal få vite kva fag dei skal ha skriftleg eksamen i, fleire veker før eksamen startar. 

Arbeidsgruppa har bestått av følgande personar:
Anne Hjermann, utdanningsdirektør, Fylkesmannen i Hordaland, leiar av arbeidsgruppa
John Arve Eide, fylkesdirektør, Akershus fylkeskommune (KS)
Svein Heggheim, fylkesdirektør, Hordaland fylkeskommune (KS)
Stig Johannessen, rektor ved Hamar katedralskole, Skolelederforbundet
Tonje Leborg, rådgivar, Norsk Lektorlag
Sylvia Helene Lind, leiar, Elevorganisasjonen
Martin Minken, seniorrådgivar, Utdanningsforbundet
Lothar Schüren, forbundssekretær, Skolenes landsforbund

Tone Vindegg, Utdanningsdirektoratet, er sekretær.