Tilskot til læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell

Kven kan søke: Verksemder som lagar læremiddel (sjå spesifikasjon under)
Søknadsfrist: 20. mars 2026
Eigendel: Drift, vedlikehald og tilgjengelegheit i fem år.
Rapporteringsfrist: Går fram av tilsegnet. Prosjekta kan ha ei ramme på inntil tre kalenderår.
Økonomisk ramme i 2026: Om lag 90 millionar kronar.

Informasjon om utlysinga i 2026

I søknadsbehandling vil midlane bli fordelt slik mellom dei ulike områda:

  • 25 til 35 millionar til smale fagområde
  • inntil 2 millionar til kvensk og finsk (øyremerkt under smale fagområde)
  • 15 til 25 millionar til læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar
  • 20 til 30 millionar til særskilt tilrettelagde læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell
  • inntil 5 millionar til parallelle utgivingar

Med atterhald om justeringar. Prioriteringane for kvar enkelt område vil vere avhengig av prioriteringane i dei øvrige områda.

Kven kan søke?

Offentlege og private verksemder som oppfyller dokumentasjonskrava kan søke om støtte.

Verksemder som får finansiering over statsbudsjettet til produksjon av læremiddel kan ikkje søke.

Privatpersonar kan ikkje søke.

Er verksemda di registrert utanfor Noreg? Ta kontakt før du søker.

Vilkår når du søker 

Formelle krav

  • Søkar skal stå for drifta og vedlikehaldet av digitale komponentar i minst fem år frå dei er tilgjengelege. Trykte læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell skal òg vere tilgjengelege i minst fem år frå dei er i sal.
  • Drift, vedlikehald og tilgjengelegheit i fem år utgjer eigendelen i prosjektet. Søkar må levere prosjektbudsjett på oppsett mal i sin søknad der søknadssum, eigendel og eventuelle andre tilskot er oppgitt.
  • Søkar må ha tilstrekkeleg og relevant kompetanse i prosjektgjennomføringa. Prosjektgruppa må i sum ha kompetanse som er fagspesifikk, pedagogisk/didaktisk og teknisk, samt ha kompetanse i pedagogisk bruk av IKT.
  • For autentisering og tilgjenge til person- og gruppeinformasjon er det eit krav å nytte seg av Feide (gjeld nettbaserte tenester for grunnopplæringa).
  • Tenester i Feide skal bruke leverandørerklæring.
  • Alle digitale prosjekt skal ha ein plan for arbeidet med universell utforming. Alle digitale løysingar skal registrere tilgjengelegheitserklæring i Digitaliseringsdirektoratet sin portal.
  • Sluttbrukar skal kunne ta i bruk digitale komponentar utan å bruke spesielle lisensbaserte tenester eller abonnement frå tredjepart. Dette betyr at brukaren kan nytte innhald og funksjonalitet i læremiddelet utan å måtte kjøpe andre tenester.
  • Digitale læremiddel skal merkast i samsvar med norsk standard NS 4180:2020 Læringsteknologi - Metadata for læringsressurser der utdanningsspesifikke eigenskapar i kap. 5.2.2 fyllast ut med referansar til Grep (den nasjonale læreplandatabasen for grunnopplæringa).
  • Leverandøren skal registrere læremiddelet i Læremiddelkatalogen.
  • Det skal brukast tekniske løysingar som gjer det mogleg å leggje til rette for omsetting til samisk. 
  • Søkaren skal, utan vederlag, sørge for å overlate innhald i elektronisk form til statlege produsentar av tilrettelagde utgåver til synshemja og lesehemja eller til personar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon.
  • Læremiddelet/det pedagogiske barnehagemateriellet skal utviklast i samsvar med likestillingslova; det skal fremje likeverd, hindre diskriminering og ta omsyn til det fleirkulturelle samfunnet.

Lov- og forskriftskrav

For læremiddel gjeld følgande:

  • Læremiddelet er utvikla til bruk i opplæringa og som skal bruast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget. Læremiddelet skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris (unntak går fram av lovteksten) jf. opplæringslova.

For alle digitale produkt gjeld følgande:

Søkar kan bli beden om å sende inn dokumentasjon på at dei oppfyller kriteria før, under eller etter søknadshandsaming.

Dokumentasjonskrav

Utdanningsdirektoratet krev at følgande dokumentasjon kan leggast fram ved stikkprøvekontroll:

  • Firmaattest frå Brønnøysundregistera, eller tilsvarande attest frå fagleg register frå det landet du er registrert i.
  • Attest for betalte skattar og avgifter som ikkje er eldre enn seks månader.
  • Søkar må ikkje vere i pågåande gjeldsakkord eller konkursforhandlingar, og må ha ei finansiell stilling som gjer det mogleg å oppfylle oppdraget. Aktuell dokumentasjon:
  • Søkar si siste årsberetning til Brønnøysundregistera og nyare opplysingar som har relevans med omsyn til rekneskapstala til søkaren.
  • Søkar sin årsrekneskap eller utdrag av dette.
  • Erklæring om søkar si omsetning dei siste åra som har betydning for dette oppdraget.
  • Søkar skal vere tilstrekkeleg fagleg og organisasjonsmessig kvalifisert til å oppfylle oppdraget. Informasjon som kan vere aktuell for å belyse dette er til dømes organisasjonsplan, årsrapport, talet på tilsette, samt tidlegare og løpande prosjekt finansiert gjennom tilskotsordningar hos Udir.

Nyoppretta foretak kan vise fram ei erklæring om drifta frå revisor til erstatning for årsrekneskap, årsberetning og omsetning dei siste åra.

Søkarar frå offentlege instansar er unnateke frå kravet om å dokumentere den økonomiske og finansielle stillinga si. Dette må grunngjevast skriftleg.

NY Kunstig intelligens

Kunstig intelligens (KI) kan bli brukt i utvikling av eit læremiddel/pedagogisk barnehagemateriell. KI kan også være ein komponent som sluttbrukar har tilgang til i produktet. For tilskotsordninga gjeld følgande:

  • Bruken av KI må vere i tråd med gjeldande regelverk for personopplysningar
  • Innhald som produsenten skapar med bruk av KI skal vere kvalitetssikra av fagpersonar.
  • Innhald som er skapt ved bruk av KI må vere omtala i det ferdige læremiddelet/det pedagogiske barnehagemateriellet. Skildringa skal vere lett å finne for sluttbrukaren.
  • Dersom det finst funksjonalitet for å nytte generativ KI inne i produktet for brukaren, er det eit vilkår at funksjonaliteten er mogleg å skru av eller på for ein administrator.
  • Dersom det finst funksjonalitet for å nytte generativ KI i vurderingsarbeid, kan ikkje vurderinga utelukkjande basere seg på KI (ref. kommande EU AI Act).
  • I søknadsvurdering blir det tatt omsyn til at tekniske komponentar ikkje legg beslag på ein for stor del av budsjettet til fordel for produksjon av pedagogisk innhald.
  • I søknaden skal du synleggjere den pedagogiske og didaktiske verdien i ditt prosjekt. Vurdering av søknadar blir gjort med utgangspunkt i Utdanningsdirektoratet sin rettleiar for kvalitet i læremiddel, som er ein teknologiuavhengig rettleiar

Vurdering av søknadar – generelle prioriteringar 

Alle søknadar vert vurderte etter i kva grad dei møter prioriteringane. For ordninga gjeld nokre prioriteringar på tvers av områda, samstundes som kvar enkelt område har eigne prioriteringar.

Utdanningsdirektoratet har utvikla ei rettleiing for kvalitet i læremiddel. Den vert nytta til å vurdere læremiddel for innkjøp. Kvalitet i læremiddel har tre kategoriar:

  • design og utforming
  • pedagogisk og didaktisk kvalitet
  • bruk av læreplanverket

I tilskotsordninga prioriterer vi prosjekt som synleggjer ein heilskapleg forståing for kvalitet i læremiddel. Søknaden skal vise korleis kvalitetskriteria blir brukt i eige produkt. Produktet kan vere digitalt eller trykt.

Du finn alt om Utdanningdirektoratet sitt arbeid med kvalitet i læremiddel på sida «Hva er gode læremidler?»

Pedagogisk barnehagemateriell

Med pedagogisk barnehagemateriell meiner vi materiell som er utvikla for bruk i barnehagen. Det kan vere analogt eller digitalt. Materiellet tek omsyn til eitt eller fleire av dei sentrale elementa i rammeplan for barnehage, som verdigrunnlag, arbeidsmåtar og/eller fagområde.

For pedagogisk barnehagemateriell vil vi vektleggje:

  • materiell av høg pedagogisk og didaktisk kvalitet. Prosjektet blir vurdert etter korleis søknaden viser at materiellet vil gjere bruk av rammeplanen for barnehagen. Søknaden bør seie noko om relasjonen til barnehagen sitt verdigrunnlag, barnehagen sine arbeidsmåtar og aktuelle fagområde i rammeplanen.
  • at det pedagogiske barnehagemateriellet har digitale og/eller fysiske eigenskaper som er tilpassa målgruppa og som støtter lek og læring på rammeplanen sine premissar.
I vurdering av søknadane vil vi leggje vekt på kor raskt prosjektet er ferdig slik at læremiddelet/det pedagogiske barnehagemateriellet blir tilgjengeleg for brukarane. 

Budsjettavgrensingar

Sjølv om eit prosjekt oppfyller dei absolutte krava og får ei godkjend vurdering, er det ikkje gitt at det vil få tilskot. Utdanningsdirektoratet har ei budsjettramme for tilskot til læremiddel og kan ikkje overskride denne. I 2026 er ramma for tilskotet på om lag 90 millionar kronar.

Det er ikkje satt ei øvre grense for søknadssum. Samstundes gjer direktoratet ein heilskapleg skjønnsmessig vurdering av søknadane der også budsjett er ein del av vurderingsgrunnlaget. Det betyr at ein nytte-kost-vurdering vil ta omsyn til at enkeltprosjekt ikkje kan legge beslag på ein for stor del av ramma. Vurderinga vil og ta omsyn til at teknisk utvikling ikkje legg beslag på ein for stor del av ramma for det enkelte prosjektet til fordel for produksjon av pedagogisk innhald.

I vurderinga av søknaden tar vi og omsyn til kostnaden for sluttbrukaren for læremiddelet/det pedagogiske barnehagemateriellet. Det vil vere ein føresetnad at læremiddelet/det pedagogiske barnehagemateriellet er prisa i tråd med andre og samanliknbare produkt for tilsvarende fag, område eller bruk. Ved sluttrapportering skal pris oppgis. Mindre prisjusteringar frå søknad til sluttrapport vil ikkje bli vurdert som brudd på vilkår for støtte. Unntak frå dette er dersom produktet i utgangspunktet er meint å vere gratis tilgjengeleg. Fritt tilgjengelege produkt kan ikkje endrast til betal-produkt i pliktperioden (fem år frå dei er tilgjengelege i marknaden).

Viss summen av prosjekt som er kvalifiserte til tilskot overskrid ramma, vil vi prioritere prosjekta ut frå vurderingskriteria. Prosjekt som kunne fått tilskot, vil på dette grunnlaget få avslag.

Søknadshandsaming og prosjekt som får støtte

  • Søknadane blir vurdert av grupper samansett av folk med kompetanse på ulike fagfelt. I tillegg til tilsette i Utdanningsdirektoratet henter vi inn faglege vurderingar frå mellom anna Statped og NAFO.
  • Prosjekt som blir innvilga får tilsendt tilsegn i starten av juni.
  • Første utbetaling vil vere i midten av juni.
  • I brevet du får med tilsegn, går det fram kva for plikter og rettar tilskotsmottakar har. Du skal signere og returnere tilsegnet.

Vilkår

Alle vilkåra blir lista ut i sin heilskap i tilsegnet. Prosjektet får ein terminplan som viser rapporteringsfristar og utbetalingsdatoar. Nokre av dei mest sentrale vilkåra, i tillegg til lov-/forskriftskrav, er:

  • Tilskotsmottakar skal rapportere om status, framdrift og rekneskap undervegs og ved ferdigstilling. Ved sluttrapportering skal prosjektrekneskapen vere revidert av statsautorisert revisor. Informasjon om rekneskap ligg i mal for budsjett som du fyller ut for søknaden din.
  • Det må gå fram at læremiddelet/det pedagogiske materiellet er utarbeida med støtte frå Utdanningsdirektoratet.
  • Søkaren er forplikta til å dele erfaringane med utviklinga av læremiddel med andre læremiddelutviklarar.
  • Tilskotsmottakar har ansvar for at val av teknologi og driftsløysingar gir eit læremiddel som oppfyller aktuelle lov-/forskriftskrav. Det er krav til oppetid, backup og tilgjengelegheit på tvers av operativsystem/plattformer.
  • Tilskotsmottakar og eventuelle samarbeidspartnarar har opphavsretten og dei immaterielle rettane til læremiddelet/materiellet.

Øvrige vilkår som vil gå fram av tilsegnet (ligg føre på bokmål):

  • Utdanningsdirektoratet gis en ikke-eksklusiv rett til vederlagsfritt selv, eller ved bruk av andre, å oversette innholdet i læremiddelet til samisk. Videre gjelder retten vederlagsfritt mangfoldiggjøre og tilgjengeliggjøre den samiske versjonen av læremiddelet i et hvert medium og i enhver form, herunder, men ikke begrenset til, internett.
  • Utdanningsdirektoratet gis en ikke-eksklusiv rett til vederlagsfritt selv, eller ved bruk av andre, å tilrettelegge innholdet i læremiddelet til synshemmede, lesehemmede eller til personer med behov for alternativ supplerende kommunikasjon. Videre gjelder retten vederlagsfritt mangfoldiggjøre og tilgjengeliggjøre den tilrettelagte versjonen av læremiddelet i et hvert medium og i enhver form, herunder, men ikke begrenset til, internett.
  • Utdanningsdirektoratet gis en ikke-eksklusiv og vederlagsfri tilgang til prosjektet og dets innhold ved en eventuell konkurs eller hvis tilskuddsmottaker etter tilskuddsperioden ikke lenger ønsker å videreføre læremiddelet. Retten gjelder tilgang til prosjektet med tilhørende materiale/innhold samt data, grunnlagsmateriale mv. som er nødvendig for videre drift, vedlikehold, videreutvikling og oppdatering. Dette gjelder både for trykte og digitale komponenter, samt konkretiseringsmateriell.

Kan vi gjere endringar i prosjektet?

Det er søknaden som ligg til grunn når prosjekt blir innvilga. Om det er behov for endringar, eller dersom det oppstår avvik i prosjektet, må du ta kontakt med Utdanningsdirektoratet på laremiddel@udir.no så snart som mogleg. Endringane eller avviket kan vere knytt til eksempelvis omfang, tekniske eller innhaldsmessige løysingar, bruk av underleverandørar, framdrift og/eller økonomi. Fyll ut ein undervegsrapport der du beskriv situasjonen. Endringsbehov skal vurderast av Utdanningsdirektoratet. I vurderinga vil Utdanningsdirektoratet  leggje vekt på at prosjektet i sin heilskap blir varetatt i tråd med søknaden. Urettmessige endringar og/eller endringar Utdanningsdirektoratet avslår, vil bli vurdert som brot på vilkåra. 

Ref. tilsegnet er det kun ved «ekstraordinære omstendigheter utenfor tilskuddsmottakers kontroll» at det er aktuelt å utsetje sluttrapportering.

Aktuelle reaksjonar ved brot på vilkår kan vere:

  • stopp av tilskot 
  • redusert tilskot
  • krav om tilbakebetaling

Eit skriftleg varsel vil bli sendt om Utdanningsdirektoratet meiner at vilkåra er brotne. Døme på varsel kan vere purring på manglande undervegs- eller sluttrapportering.

Spørsmål om tilskotsordninga kan rettast til laremiddel@udir.no

Mål med ordninga

I retningslinene for ordninga går det fram kva som er målet med tilskotet (bokmål):

Formålet med tilskuddsordningen er å bidra til at det blir utviklet og produsert pedagogisk barnehagemateriell og læremidler på områder der det ikke er markedsgrunnlag for det:

  • Smale fagområder
  • Særskilt tilrettelagte pedagogisk barnehagemateriell/læremidler
  • Læremidler for språklige minoriteter

Retningslinene for tilskotsordninga