Årsrapport 2020
Del II Introduksjon til verksemda og hovudtala
Samfunnsoppdraget vårt
Utdanningsdirektoratet er eit ordinært bruttobudsjettert statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet. Vi har eit overordna ansvar for at utdanningspolitikken blir sett i verk i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring, slik at barn, ungdom og vaksne får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet.
Kunnskapsdepartementet har fastsett fem brukareffektmål for direktoratet:
- Mål 1: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter ser til at barn og unge utviklar seg, lærer og trivst i barnehagar, skular og lærebedrifter.
- Mål 2: Barnehageeigarar og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge.
- Mål 3: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter forstår, formidlar og etterlever regelverket.
- Mål 4: Barnehageeigarar og skoleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av barnehagane og skulane og overfor lærebedriftene.
- Mål 5: Barnehageeigarar, skoleeigarar og barnehagestyresmakter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir, i læringsarbeid og administrative oppgåver.
Desse måla rettar seg mot dei som har ansvar for tilbodet til barn og unge i barnehagar, skolar og lærebedrifter.
For å sikre eit systematisk arbeid med å oppfylle måla og ei langsiktig utvikling for Utdanningsdirektoratet, har vi utarbeidd ein eigen verksemdsstrategi. Strategien inneheld kjenneteikn på korleis vi løyser oppgåvene våre, og prioriterte område for strategiperioden 2018–2021.
Kjenneteikn på oppgåveløysinga vår og leveransane våre | Prioriterte innsatsområde i strategiperioden |
---|---|
Digitalt | Utsette barn og unge |
|
|
Brukarretta | Fagfornyinga |
|
|
Samordna | Betre og meir effektiv måloppnåing |
|
|
Verkemiddel og tenesteområde
Utdanningsdirektoratet er eit styringsorgan. Vi skal forvalte statlege juridiske og økonomiske styringsverkemiddel og vi skal analysere og vurdere tilstanden og utviklinga i sektorane på grunnlag av dokumentasjon. I tillegg skal vi foreslå tiltak og vere eit utviklingsorgan som støttar, rettleier og påverkar sektorane gjennom informasjon, strategiar og ulike tiltak.
Dette dreier seg i hovudsak om
- å utvikle og forvalte ramme- og læreplanar
- å forvalte regelverket på barnehage- og opplæringsområdet
- å forvalte tilskotsordningar for barnehagen og grunnopplæringa
- å ha den overordna nasjonale, faglege styresmakta for tilsynsarbeid som følgjer av lover og forskrifter for sektorane
- å føre tilsyn med dei frittståande skulane
- å behandle søknader om godkjenning av nye skular etter friskolelova
- å utvikle og forvalte prøve- og vurderingssystemet
- å behandle søknader om rettferdsvederlag som gjeld grunnopplæringa
- å formidle og utvikle kunnskap om sektoren og å formidle kunnskap til sektoren
- å samarbeide med lærarutdanningane og sørgje for tilbod om kompetanseutvikling for tilsette i barnehage og skole
- å systematisere og gi rettleiing om god praksis for teknologiske løysingar
- å utvikle fellesløysingar og arbeide for nasjonal standardisering
Samtidig skal direktoratet vere eit rådgivande organ for departementet og den politiske leiinga innanfor sektorane. Vi skal bidra til å utarbeide nye og følgje opp gjeldande opptrappingsplanar, strategiar og handlingsplanar.
Samarbeid med andre aktørar
Det er fleire aktørar som har ansvaret for å realisere måla i utdanningssektoren. Departementet har fastsett sektormål som seier kva dei ulike aktørane skal få til i fellesskap.
Sektormåla for barnehagen er
- at alle skal ha eit godt og inkluderande leike- og læringsmiljø
- at barn som treng hjelp, skal få det tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
- at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
- at alle skal ha god tilgang til relevante tilbod av høg kvalitet
Sektormåla for grunnopplæringa er
- at alle skal ha eit godt og inkluderande læringsmiljø
- at barn og unge som treng hjelp, skal få det tidleg slik at alle får utvikla potensialet sitt
- at dei tilsette i kunnskapssektoren skal ha høg kompetanse
- at alle skal lykkast i opplæringa og utdanninga
Det overordna målbiletet for barnehagen og grunnopplæringa skal danne grunnlag for prioriteringa av faglege mål og temaområde, og for utviklinga av nye tiltak og verkemiddel. Dette stiller også store krav til godt og systematisk samspel på tvers av sektorgrensene. Samarbeidet vårt med dei ulike aktørane i sektorane, både sentralt og lokalt, har derfor høg prioritet og skal gjennomsyre arbeidet vårt.
På leiarnivå er direktoratet ein del av direktørnettverket, der ti direktorat innanfor velferdssektoren er representerte. Formålet med nettverket er mellom anna å bidra til dialog og samarbeid på tvers av sektorgrensene.
I fleire av dei mest sentrale verkemidla våre, som vidareutdanningsordningane og kompetanseordningane, er samarbeidet med UH-sektoren avgjerande for resultatet. Vidare har vi eit utstrekt samarbeid med UH-sektoren i fagfornyinga.
0–24-samarbeidet er eit døme på eit systematisk samarbeid på direktoratnivå. Samarbeidet skal bidra til samordning av tenester slik at alle barn og unge får den støtta og hjelpa dei treng for å meistre sitt eige liv. 0–24 er eit samarbeid mellom Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Politidirektoratet, Sekretariatet for konfliktråda og Utdanningsdirektoratet.
Omtale av organisasjonen og leiinga
Utdanningsdirektoratet blir leia av direktør Hege Nilssen. Hovudkontoret er i Oslo, og i tillegg har vi kontor på Hamar, i Tromsø og i Molde.
Kategoriar | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Avtalte årsverk | 358 | 337 |
Utførte årsverk | 329 | 312 |
Kontor | Tal på tilsette 2019 pr. 31.12 | Tal på tilsette pr. 31.12.2020 |
Oslo (hovudkontor) | 291 | 284 |
Hamar | 19 | 21 |
Tromsø | 36 | 17 |
Molde | 23 | 23 |
Totalt | 369 | 345 |
Utdanningsdirektoratet er delt inn i fem divisjonar med til saman 23 avdelingar. I tillegg har vi ein stab for kommunikasjon.
Kunnskapsdepartementet hadde i 2020 delegert styringa av dei følgjande verksemdene til oss:
- Statsforvaltaren på området til barnehagen og grunnopplæringa
- Sørsamisk kunnskapspark
- Styret for Samisk vidaregåande skole i Karasjok og Samisk vidaregåande skole og reindriftsskole i Kautokeino
Hovudtala for verksemda
Overordna tal for prøvar og eksamen
Tal på sentralt gitte eksamenar | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Grunnskole | 73 300 | 100 |
Elevar i vidaregåande opplæring | 152 300 | 2 400 |
Privatistar i vidaregåande opplæring | 73 200 | 68 200 |
Kompetanse for kvalitet oppsummert
Tal på dei som begynte på vidareutdanning | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Vidareutdanning for lærarar | 6 355 | 5 485 |
Rektorutdanninga | 450 | 454 |
Feide
Tal | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Innloggingar på Feide | 180 millionar | 219 millionar |
Bruk av nettsider
Bruk av nettsider | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Økter på udir.no | 11,5 millioner | 17,5 millioner |
Bruk av sosiale medium
Bruk av sosiale medium | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Tal på følgjarar på Facebook | 42 400 | 48 140 |
Tal på følgjarar på Twitter | 22 200 | 21 016 |
Talet på medlemmer i Facebook-gruppe om nye læreplanar (starta i nov. 2019) | 6 400 | 21 302 |
Overordna tal for tilsyn og klagesaker
Tal | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Opna tilsyn med private skular | 43 | 18 |
Førebels tilsynsrapport private skolar (varsel om vedtak) | 48 | 32 |
Klager på 9A (skolemiljø) | 22 | 16 |
Avvisingssaker 9A | - | 8 |
Dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk | 5 | 8 |
Utgivingar
Utgivingar på nettsidene våre | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Publiserte forskings-, evaluerings- og kartleggingsrapportar | 40 | 49 |
Nøkkeltal frå årsrekneskapen til Utdanningsdirektoratet
Nøkkeltal frå årsrekneskapen | 2019 | 2020 |
---|---|---|
Antall utførte årsverk | 329 | 312 |
Samla tildeling post 01-99 i kr 1 000 | 14 777 396 | 13 225 099 |
Utnyttingsgrad post 01-29 i prosent | 97,10 % | 95,% |
Driftsutgifter i kr 1 000 | 1 029 449 | 972 006 |
Lønnsdelen av driftsutgifter i prosent | 34,50 % | 31,9% |
Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 000 | 1 080 | 995 |
Lønnsutgifter per årsverk i kr 1 000 – ekskl. honorar, styre, råd og utval | 933 | 917 |
Konsulentandel av driftsutgifter i prosent | 18,% | 26,7% |
Nærare 9 milliardar kroner av tildelinga som direktoratet gjorde i 2020, gjekk til ulike tilskotsordningar. Dette var tilskot innanfor barnehage, offentleg grunnopplæring, friskolefeltet og folkehøgskular, i tillegg til nokon andre formål. Som det kjem fram av diagrammet under, består tilskotsforvaltninga av cirka 67 prosent av ressursane til Utdanningsdirektoratet. Den største enkeltsatsinga utover dette er vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar.