Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget med fordjuping i konstruksjonslimtre

  • gjere greie for
    og
    bruke
    kvalitetssikringssystem og
    gjennomføre
    arbeid i tråd med gjeldande krav for helse, miljø og sikkerheit
  • risikovurdere produksjonsprosessen,
    gjennomføre
    ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • planleggje
    og arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og
    vurdere
    arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektiviteten og miljøet
  • gjere greie for
    framstilling av trelast- og limtreprodukt og
    drøfte
    forskjellane i produksjonsmetodar
  • ta imot, handtere og lagre råvarer og materialar og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • vurdere
    og
    dokumentere
    eige arbeid i samsvar med spesifikasjonar
  • setje i drift, styre og overvake framstilling av ulike produkt,
    vurdere
    konsekvensar av produksjonstempo, verktøyslitasje og endringar i materialkvalitet og setje i verk tiltak
  • vurdere
    behovet for vedlikehald av utstyr, setje i verk tiltak og
    reflektere
    over kva faktorar ved vedlikehald som sikrar drifta og produktkvaliteten
  • kontrollere produktmerking, pakke, emballere og kvalitetssikre ulike typar produkt og
    vurdere
    kva faktorar som vernar produkta mot ytre påkjenningar
  • innhente produksjonsrapportar og
    reflektere
    over kor viktig det er å
    dokumentere
    produksjonsprosessen
  • bruke
    fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og
    drøfte
    ulike løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykk og sikre effektiv ressursutnytting
  • kjeldesortere, handtere avfall etter gjeldande regelverk,
    vurdere
    om gjenbruk er mogleg, og
    reflektere
    over konsekvensar av feilhandtering
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget,
    gjere greie for
    kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har og
    reflektere
    over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og
    reflektere
    over konsekvensar av støy, støveksponering og bruk av kjemikaliar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • vurdere
    og
    dokumentere
    arbeidsprosessane og
    gjere greie for
    korleis temperatur, dimensjon og fukt i materialane påverkar det ferdige produktet
  • kontrollere plank, betene fingerskøyteanlegg og
    gjere greie for
    korleis ulike produksjonsprosessar og limtypar påverkar fingerskøyten
  • kontrollere fingergeometri og limfuger og sikre eigenskapane til limtreet i tråd med kravspesifikasjonen
  • tilarbeide limingsflater og
    vurdere
    korleis kvaliteten av limingsflata påverkar hefteevna til limet
  • plassere lamellar, påføre lim og
    drøfte
    kva faktorar som påverkar kvaliteten på sluttproduktet
  • betene limpresse og
    gjere greie for
    kva konsekvensar presstrykk, presstid og varme har for limeresultatet
  • tilarbeide limtre til ferdig produkt og
    vurdere
    resultatet i samsvar med arbeidsoppdraget
  • byggje limtreprodukt, plassere lamellar og
    drøfte
    ulike faktorar som påverkar oppbygging av limtreprodukt
  • stille inn limeanlegget, påføre lim og
    drøfte
    konsekvensar ved val av påføringsmengde, blandeforhold og limtype

Undervegsvurdering