Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i helsearbeidarfag

  • reflektere
    over kva det vil seie å vere ein profesjonell helsefagarbeidar
  • forklare kva pasient- og brukarmedverknad inneber, og
    bruke
    dette i yrkesutøvinga
  • gjere greie for
    gjeldande regelverk om kvalitet i helse- og omsorgstenesta og
    drøfte
    kva fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp inneber
  • gjere greie for
    kva yrkesetikk er, og
    reflektere
    over etiske problemstillingar
  • planleggje
    ,
    gjennomføre
    ,
    dokumentere
    og
    vurdere
    eige arbeid
  • gjere greie for
    ulike hjelpemiddel og velferdsteknologi som kan bidra til sjølvstende, og som kan oppretthalde funksjonar i dagleglivet
  • gjere greie for
    gjeldande regelverk for handtering av legemiddel og ansvaret og rolla til helsearbeidaren
  • bruke
    hjelpemiddel og teknologi for å forbetre og effektivisere arbeidet
  • beskrive
    prosedyrar for helse, miljø og sikkerheit og bruk av kvalitetssystem
  • forklare korleis frivillige organisasjonar kan vere ein ressurs i helse- og omsorgstenesta
  • vurdere
    korleis ein kan gjere miljøbevisste val i yrkesutøvinga
  • gjere greie for
    ergonomiske prinsipp og
    bruke
    desse i yrkesutøvinga
  • gjere greie for
    prinsippa for universell utforming i samband med yrkesutøvinga
  • vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og
    gjere greie for
    korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering