Vg2 helsearbeiderfag (HEA02‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helsefremjande arbeid

  • planleggje
    ,
    gjennomføre
    og
    vurdere
    tiltak som aukar pasientar og brukarar sin motivasjon til å vareta eiga helse og eigen livskvalitet
  • gjere greie for
    livsløpet til menneske og helseutfordringar hos barn, unge og eldre
  • forklare kva allmenntilstand er,
    gjere greie for
    dei vanlegaste teikna og symptoma på sjukdommar og skadar og kjenne att sjukdomsforverring
  • gjere greie for
    dei vanlegaste sjukdommane hos barn, unge og eldre, foreslå tiltak og delta i grunnleggjande sjukepleie
  • gjere greie for
    dei mest brukte legemiddelgruppene, forklare administrasjonsformer og dei vanlegaste verknadene og biverknadene
  • gjere greie for
    aldringsprosessar og eldre sitt behov for omsorg og sjukepleie
  • forklare kva kvardagsmeistring, habilitering og rehabilitering er, og gi døme på førebyggjande og helsefremjande tiltak
  • drøfte
    betydninga av sosiale nettverk og foreslå tiltak for å førebyggje einsemd og psykiske lidingar
  • beskrive
    symptom på psykiske lidingar og rusmisbruk hos pasientar og brukarar
  • beskrive
    symptom på underernæring og feilernæring og foreslå førebyggjande og behandlande tiltak
  • planleggje
    , lage til og leggje til rette for måltid i tråd med råd frå helsemyndigheitene
  • vareta hygiene i tråd med gjeldande retningslinjer og foreslå smitteverntiltak
  • utføre førstehjelp etter gjeldande retningslinjer
  • beskrive
    kva heilskapleg omsorg og sjukepleie inneber for alvorleg sjuke, døyande og deira pårørande
  • gjere greie for
    kva miljøarbeid er, og foreslå målretta tiltak

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering