Framandspråk (FSP01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Denne læreplanen er ikkje lenger gyldig.

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter nivå I

  • lytte til og forstå enkel og tydeleg tale om personlege og daglegdagse emne
  • delta i enkle samtalar i daglegdagse situasjonar om aktivitetar og kjende emne
  • munnleg fortelje om daglegliv og opplevingar og uttrykkje meiningar, òg spontant
  • lese og forstå tilpassa og enklare autentiske tekstar om personlege og daglegdagse emne
  • skrive enkle tekstar om daglegliv og opplevingar som fortel, beskriv og informerer, med og utan hjelpemiddel
  • bruke enkle språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet til eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
  • bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
  • utforske og beskrive levemåtar, tradisjonar og geografi i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
  • utforske og beskrive kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, og gi uttrykk for eigne opplevingar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering