Framandspråk (FSP01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Denne læreplanen er ikkje lenger gyldig.

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter nivå II

  • lytte til og forstå tydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
  • samtale i ei rekkje daglegdagse situasjonar om kjende og fagleg relevante emne
  • munnleg forklare fagleg relevante emne, skildre opplevingar, hendingar og planar, og grunngi meiningar, òg spontant
  • lese og forstå ulike typar tekstar, òg autentiske, om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
  • skrive ulike teksttypar om personlege og fagleg relevante emne, og uttrykkje og grunngi eigne meiningar, med og utan hjelpemiddel
  • bruke grunnleggjande språklege strukturar, reglar for uttale og rettskriving og det offisielle alfabetet eller teikn for språket for å kommunisere på ein situasjonstilpassa måte
  • bruke relevante lærings- og kommunikasjonsstrategiar, digitale ressursar og erfaringar frå tidlegare språklæring i læringsprosessen
  • utforske og gjere greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der ein snakkar språket, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
  • utforske og presentere kunstnarlege og kulturelle uttrykk frå område der ein snakkar språket, og gjere greie for eigne opplevingar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering