Språklege minoritetar og skriftleg sidemål

Skriftleg sidemål 

Elevar som har tospråkleg opplæring i norsk og samisk, norsk og finsk eller norsk og norsk teiknspråk, er fritekne frå opplæring i skriftleg sidemål. 

Elevar med eit anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen (Opplæringslova §§ 2-8 og 3-12). Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dei kan få fritak frå opplæring og eksamen i skriftleg sidemål (Forskrift til opplæringslova, §§ 1-11, 3-22).

Vaksne som har behov for grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 4A-1, har rett til særskild språkopplæring i faget norsk, dersom det er nødvendig for at den vaksne skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringa (Rundskriv Udir 3-12). Vaksne deltakarar som har behov for grunnskoleopplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål (Forskrift til opplæringslova, § 4-15).

Norsk for språklege minoritetar i vgo med kort butid

Elevar, privatistar og vaksne deltakarar som får opplæring etter læreplanen for språklege minoritetar med kort butid i vgo, kan velje bokmål eller nynorsk som hovudmål. Dei skal lære å skrive på hovudmålet sitt og å lese både nynorsk og bokmål. Sjå formålsteksten i læreplanen:

[...] I Norge er både norsk og samisk offisielle språk, og bokmål og nynorsk er sidestilte målformer. Vi bruker mange ulike dialekter og talemålsvarianter, men også andre språk enn norsk. Det språklige mangfoldet er en ressurs for utviklingen av den enkeltes språkkompetanse.

Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal elevene få et bevisst forhold til språklig mangfold. De skal lære å skrive hovedmålet sitt, og å lese bokmål og nynorsk.

Formålet med opplæringen i hovedmålet er å utvikle elevens språkforståelse og gi et godt grunnlag for mestring av norsk språk i samfunns- og yrkesliv.

Rettskilder: