Korleis kan eg vere med og skape eit godt miljø i klassen?

Her er nokre tips til det du kan gjere for at det skal vere trygt og hyggeleg for alle å gå i klassen og på skolen.

  • Ver hyggeleg mot alle. Du treng ikkje vere venn med alle, men vis respekt og ver blid og hyggeleg.
  • Dersom du ser nokon som er åleine, spør om han eller ho vil vere med på praten eller på leiken.
  • Bli kjende. Foreslå til dømes klassekveldar, kinoturar og liknande.
  • Spør læraren om å få bruke tid til "bli kjend"-leikar og andre aktivitetar de kan gjere saman.
  • Når de har gruppearbeid, nytt sjansen til å bli kjend med nokon du ikkje er saman med til vanleg.
  • Dersom du skal feire bursdagen din er det lurt å invitere heile klassen.  
  • Gi alle ein sjanse.

Elevrådet og skolemiljøutvalet

Du kan vere med og gi råd til skolen gjennom elevrådet og skolemiljøutvalet. Elevrådet skal mellom anna jobbe for å skape eit godt miljø på skolen der alle har det bra. Skolemiljøutvalet skal gi råd til skolen i arbeidet med skolemiljøet. Alle skolar skal ha eit elevråd og eit skolemiljøutval.
Ta kontakt med skolen din dersom du vil engasjere deg!