Endring i Læreplan i vg3 hestefaget

Endringa gjeld læreplanen med kode HST03‑02.

Teksten i læreplanen er endra fire stader for å gjera tydeleg sentral kompetanse knytt til hestevelferd og eit forsvarleg hestehald. Endringane er gjorde på bakgrunn av høyring sommaren 2022 og trer i kraft omgåande.

Endring 1

Følgjande er endra i eit kompetansemål:

  • Teksten var: "identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar, utføre enkel sårbehandling og medisinering av hest og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær"
  • Teksten er endra til: "identifisere og førebyggje smerte, mistrivsel, sjukdommar og skadar, og utføre mønstring, enkel sårbehandling og medisinering av hest og vurdere når det er nødvendig å tilkalle veterinær"

Endring 2

Følgjande er endra i eit kompetansemål:

  • Teksten var: "vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk og handtering av hest, og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og menneske"
  • Teksten er endra til: "vurdere risiko knytt til stalldrift, bruk, handtering og transport av hest, og utføre tiltak som tek vare på helse, miljø og sikkerheit for dyr og menneske"

Endring 3

Følgjande er endra i eit kompetansemål:

  • Teksten var: "handtere hestar på ulike alderstrinn og i ulike situasjonar"
  • Teksten er endra til: "handtere hestar i ulike aldre og i ulike situasjonar og gjere greie for faktorar som kan påverke åtferda til hestar"

Endring 4

Følgjande kompetansemål er lagt til i læreplanen: "skifte broddar, trekkje til saum og ta av sko, og vurdere behovet for verking og skoning ut frå bruksområdet til hesten"

Sjå læreplanen