Design og arkitektur 1
Produktutvikling og materiale
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- utvikle produkt til ulike typar rom ut frå kravspesifikasjonar
- bruke harde, plastiske og tekstile materiale i produktutvikling
- forklare prinsippa i Natural Colour System (NCS) og nytte dette i fargesetjing
- gjere greie for omsyn til miljø, ressursar og forbruk i arbeid med design og arkitektur
- planleggje og dokumentere arbeidsprosessen frå idé til ferdig produkt
- presentere og vurdere form, farge, funksjon og materiale i eige arbeid
Teikning, konstruksjon og modellar
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- teikne rom i plan, oppriss og perspektiv
- lage skisser og utarbeide arbeidsteikningar
- byggje modellar i målestokk
- eksperimentere med korleis lys og fargar verkar inn på rom og overflate
- bruke digitale teknikkar og biletbehandling i presentasjon av modellar og produkt
Formkultur
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- gjere greie for hovudtrekka i utviklinga av viktige formtradisjonar i norsk formkultur og samisk duodji og kva innverknad dei har på moderne design
- presentere sentrale arbeid innanfor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet
- karakterisere særtrekk ved byggjeskikk og handverk- og husflidstradisjon i regionen
- gjere greie for materialbruk, formspråk og funksjon i formkultur frå ulike samfunn og kulturar og setje det inn i ein kulturell samanheng
- gjere greie for særtrekk ved Scandinavian Design og vise korleis desse har verka inn på interiørutforming
- gjere greie for funksjon, form og dekor på bygningar og bruksgjenstandar frå 1900-talet
Side 7 Av 10