Yrkesfag – opplæringsmodellar
Fylkeskommunen har ansvar for vidaregåande opplæring, også opplæring i bedrift. Dei fleste yrkesfaglege utdanningsløp er organisert etter hovudmodellen, som er to år i skole etterfølgt av to års læretid i bedrift. Det finnes også andre måtar å organisere opplæringstilbodet i yrkesfag på.
Nasjonale modellar
Alle fag er fastsett med ei opplæringsordning som viser korleis opplæringa er organisert. Det står om dette i tilbodsstrukturen.
Hovudmodellen for yrkesfag er at elevane går to år i skole etterfølgt av to års læretid i bedrift (2+2-modellen). I hovudmodellen har bedriftene åleine ansvaret for opplæringa på vg3. Av dei to åra i læretid er det eitt år opplæring og eitt år verdiskaping.
I særløpsfag går elevane vg1 i skole og deretter tre år læretid i bedrift. Av dei tre åra i bedrift reknar vi to år opplæring og eitt år verdiskaping. I løpet av læretida skal lærlingen ha opplæring i fellesfaga og programfaga.
Det er ein obligatorisk eksamen i læreplanen for særløpsfaga. Lærlingane kan i tillegg trekkjast ut til eksamen i fellesfag (norsk, engelsk, samfunnsfag).
Yrkeskompetanseløp er reine skoleløp, der elevane får tre år med yrkesopplæring i skole. Elevane avsluttar med ein eksamen som gir vitnemål med yrkeskompetanse.
Yrkesfagelevar kan ta påbygging for å få generell studiekompetanse. For å ta påbygging til generell studiekompetanse må søkjaren ha fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller oppnådd yrkeskompetanse med oppnådd fag- eller sveinebrev eller vitnemål med yrkeskompetanse.
Sjå læreplanar i fellesfag for påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg til fellesfaga skal elevane ha 140 timar programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering.
Dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse (vg4). Det same gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare.
Elevar som har fullført vg1 studiespesialisering kan gå over til vg2 yrkesfag, og samtidig fullføre opplæringa på normert tid. Desse elevane må hente opp kompetanse frå programfaga på vg1 i det aktuelle yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Dette gjer dei i faget yrkesfagleg opphenting, som er eit eige fag på 196 årstimar i fag- og timefordelinga. Utdanningsdirektoratet har fastsett nasjonale rammer for utvikling av lokale læreplanar i faget yrkesfagleg opphenting og forslag til mal for lokal læreplan.
Alle dei yrkesfaglege programområda på vg2 inngår i ordninga, men det er frivillig for skoleeigar å tilby kryssløpet. Alle elevar kan søkje seg frå vg1 studiespesialisering til det yrkesfaglege vg2-tilbodet dei ynskjer.
Ordninga med kryssløp frå vg1 studiespesialisering til vg2 yrkesfag vart evaluert i 2020. Les rapporten.
Tilpassing av opplæringsmodellar i fylka
I tillegg til dei nasjonale opplæringsmodellane kan fylkeskommunane velje alternative måtar å organisere opplæringstilbodet på. Fylkeskommunen kan med andre ord godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som inneheld ei anna organisering enn den modellen som er fastsett i Kunnskapsløftet. Her er nokre moglegheiter:
Vekslingsmodellar for fagopplæring
Vekslingsmodellar inneber å organisere opplæringa slik at ho vekslar mellom skole og bedrift gjennom opplæringsløpet. I vekslingsmodellar er det vanleg å teikne lærekontraktar i løpet av første eller andre opplæringsår. Elles er opplæringa lik som hovudmodellen ved at ho går over fire år, har same læreplan og same fordeling mellom fellesfag og programfag. Mengda tid i skole og bedrift er også den same som for hovudmodellen.
Det finst ikkje ei standardisert organisering av vekslingsmodellar. Modellane vert utvikla lokalt. Avtale om vekslingsmodellar skal følgje forskrift til opplæringslova § 6A-7. Dersom fylkeskommunen vil ta i bruk vekslingsmodellar der det blir naudsynt å endre fag- og timefordelinga før det vert teikna lærekontrakt, må dette gjerast innanfor regelverket om fleksibilitet i fag- og timefordelinga.
I vekslingsmodellar må lærarar og instruktørar samarbeide om opplæringa og kommunisere om utviklinga til elevane og lærlingane. Les meir om erfaringane med vekslingsmodellar i ei evaluering frå Fafo.
Yrkes- og studiekompetanse (YSK) og tekniske allmennfag (TAF)
YSK og TAF er opplæringsløp som i løpet av fire år gir eleven/lærlingen både yrkes- og studiekompetanse. Eleven kan teikne kontrakt med bedrifta frå første år og avleggje fag- eller sveineprøve etter fire år. Parallelt med opplæringa i bedrift får eleven opplæring i skole i felles programfag og fellesfag.
Les meir om YSK og TAF i rettleiinga om fleksibilitet i fag- og timefordelinga.
Treårig løp til studiekompetanse på yrkesfaglege utdanningsprogram
Treårig yrkesfaglege løp til studiekompetanse kombiner vg1 og vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram med vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Fagsamansetjinga skal vere relevant for yrket. Modellen gir eit meir praksisretta skoleløp. Eleven kan etter tre år søkje høgskole eller universitet, eventuelt gå ut i lære dersom skoleeigar tilbyr dette.
Les meir om treårig yrkesfaglege løp til studiekompetanse i rettleiinga om fleksibilitet i fag- og timefordelinga.
Alternativ vg3 i skole
Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle læreplass til dei som ønskjer opplæring i bedrift, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole. Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring som lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar ikkje kan få i lærebedrifta. Elevane får opplæring i kompetansemåla i læreplanen for lærefaget og avsluttar med ei fag- eller sveineprøve.
Godskriving av gjennomgått opplæring eller praksistid
Fylkeskommunen kan godskrive opplæringstida eller praksistida ein person har gjennomført. Reglar for kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid for lærlingar, lærekandidatar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb står i forskrift til opplæringslova § 11-10 og § 11-15. Fylkeskommunen vurderer dokumentasjonen de får og gjer vedtak.
Større del av opplæringa i bedrift eller skole
Lærlingen kan ta ein større del av opplæringstida i ei godkjend lærebedrift enn den fastsette opplæringsordninga for faget. Lærlingen kan anten ha full opplæring i bedrift (0+4) eller opplæring i bedrift etter eitt år i skole (1+3). Lærebedrifter har ansvaret for opplæring i programfaga på vg1/vg2. Elevane skal framleis ha fellesfaga frå vg1 og vg2. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for opplæring i fellesfaga.
Det er også mogleg at skolen tar ansvar for større del av opplæringa enn den fastsette opplæringsordninga i faget.
Fylkeskommunen sin moglegheit til å godkjenne kontraktar som inneheld ei anna organisering enn den fastsette opplæringsordninga i faget er regulert i forskrift til opplæringslova § 6 A-7.