Samarbeid mellom SFO og helse- og omsorgssektoren

Enkelte barn i SFO kan ha behov for helse- og omsorgstenester i SFO-tida. Det er derfor viktig å inkludere SFO i det tverrfaglege samarbeidet rundt desse barna.

SFO er en viktig arena for inkludering, mestring og tilhørighet for barn med behov for særskilt tilrettelegging. For at disse barna skal kunne få et helhetlig og koordinert tilbud er det nødvendig med tverrsektorielt samarbeid mellom helse- og omsorgstjenesten og barnehage, skole og SFO.

Skulen har plikt til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle problem.

Skuleeigaren er ansvarleg for å leggje til rette for at SFO samarbeider med aktuelle instansar i helse- og omsorgssektoren slik at barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO får eit best mogleg tilpassa tilbod. Det er viktig at personalet i SFO får informasjon om kva det enkelte barnet har behov for, slik at dei kan leggje til rette tilbodet på best mogleg måte. Skuleeigaren kan sikre dette ved å inkludere SFO i møte og sørgje for at dei får informasjon og rettleiing, og at dei får medverke.

Kommunen har plikt til å leggje til rette for samarbeid mellom ulike tenester i kommunen og med andre tenesteytarar der dette er nødvendig.

Samarbeid mellom SFO og hjemmet, skolen og andre tjenester

Individuelle vurderingar

Dei helse- og omsorgstenestene barnet får, blir gitt ut frå individuelle vurderingar. Det er viktig at desse vurderingane er heilskaplege.

Kommunen står relativt fritt til å utforme eit tenestetilbod som dekkjer det behovet barnet har for nødvendige og forsvarlege tenester. Barnet har likevel rett til å medverke i valet mellom ulike tenester og tiltak, og kommunen skal så langt som mogleg utforme tenestetilbodet i samarbeid med barnet. Ved utforming av tenester skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner. Korleis barnet medverkar, skal tilpassast evna barnet har til å gi og få informasjon.

Det beste for barnet

Det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn, også når det gjeld samarbeid mellom SFO og helse- og omsorgstenesta. Behovet for helse- og omsorgstenester i SFO må vurderast individuelt i samarbeid med det aktuelle barnet og foreldra. Skuleeigaren må, saman med foreldra og helse- og omsorgstenesta, gjere ei konkret vurdering av kva helsetenester som passar til kvar tid i skulen og SFO.

Barns rett til å bli høyrde

Alle barn skal bli høyrde i alle saker som vedkjem dei. Medverknaden deira skal tilpassast evna dei har til å gi og få informasjon. Skuleeigaren og skuleleiinga har ansvar for å leggje til rette for at tilsette i SFO sikrar at barn får medverke. Medverknad er ein prosess som krev kontinuerleg og planlagd involvering av det enkelte barnet.

Teieplikt

Det kan vere nødvendig å dele informasjon mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og SFO. Helsepersonell har teieplikt, noko som i utgangspunktet er til hinder for å dele informasjon. Det er likevel enkelte unntak frå teieplikta som kan ha betydning for samarbeidet med SFO. Helsepersonell kan dele informasjon når tenestemottakaren samtykkjer til det. Foreldre kan samtykkje på vegner av barna sine. Tenesteytarar kan òg dele opplysningar med ein som er kjend med opplysningane frå før, eller når ingen omsyn tilseier hemmeleghald.

Tenester og tiltak innanfor helse- og omsorgssektoren

Uavhengig av organisering vil eit breitt spekter av kommunale tenester og spesialisthelsetenesta vere sentrale i oppfølginga av barn og unge med behov for særskild tilrettelegging.

Nedanfor finn de informasjon om ulike helse- og omsorgstenester som kan vere aktuelle for enkelte barn i SFO.

Denne lista er ikkje uttømmande, og det vil variere kva det enkelte barnet har behov for.

Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester

Spesialisthelsetenestetilbodet til barn og unge

Spesialisthelsetenesta har tilsvarande ansvar for å yte nødvendige spesialisthelsetenester som kommunen har for andre helse- og omsorgstenester. Spesialisthelsetenesta står fritt til å organisere tenestetilbodet ut frå lokale føresetnader og behov.

Nedanfor finn de ei oversikt over nokre aktuelle tenester under spesialhelsetenesta. Dette er ikkje ei uttømmande liste.