Noreg deltok i ICILS i 2013, og resultata vart publiserte i 2014. Formålet med ICILS er å undersøkje IKT-kompetansen til elevar, med vekt på den evna kvar enkelt har til å utforske, skape og kommunisere ved hjelp av digitale verktøy i heimen, på skolen og i samfunnet elles. Dette er den første internasjonale undersøkinga som måler dei digitale ferdigheitene til elevar.
Studien vart gjennomført på 8. trinn, men Noreg fekk samtykke frå IEA til å delta på 9. trinn, fordi dei norske elevane er eitt år yngre enn elevane på same klassetrinn i mange av dei andre landa som deltek i studien. Andre internasjonale studiar som vurderer elevane sin kompetanse på ulike fagområde, har vist at både kor mange år elevane har gått på skolen og deira alder, har ein god del å seie for resultata.
Den norske delen av studien er utført av Institutt for lærarutdanning og skoleforsking (ILS) i samarbeid med Senter for IKT i utdanninga.
Andre studiar om IKT
Noreg deltok i 2006 i SITES (Second Information Technology in Education Studies) som kartla bruken av IKT i utdanning på skolar over heile verda. Dei internasjonale resultata vart offentliggjorde i 2008.
Her finn du den norske rapporten frå SITES og meir informasjon om undersøkinga.