Kommunal skolepolitikk etter Kunnskapsløftet

Senter for Økonomisk Forskning AS (SØF) viser i denne rapporten korleis skolesektoren sin del av dei kommunale budsjetta har utvikla seg i perioden 2001–2008. Rapporten ser særleg på bruken av ressursar til spesialundervisning.

Skolesektoren sin posisjon er ikkje blitt svekt i kommunane

SØF finn at budsjettdelen til skolane minkar når dei kommunale budsjetta aukar, men at dette skjer i mindre grad i 2008 enn i 2001. Slik sett finn SØF at skolesektoren sin relative posisjon i dei kommunale budsjetta ikkje er blitt svekt i perioden.

Budsjettdelen til skolane er eit resultat av alderssamansetjinga i kommunen. SØF finn likevel at ein auke i talet på barn i alderen 0-5 år fører til sterkare reduksjon i budsjettdelen til skolane i 2008 enn det som var tilfellet i 2001. Ei mogleg årsak kan vere at ein ser barnehagar og skolar i større grad i samanheng i 2008 enn i 2001. 

Meir ressursar til assistentar og spesialundervisning

Etter Kunnskapsløftet har skoleleiarar fått større fridom til å disponere tildelte ressursar. SØF viser at skolen har auka ressursbruken på alle hovudområda, men at auken har vore sterkare når det gjeld ressursar til assistentar og spesialundervisning enn til ordinære lærarårsverk. 

SØF har undersøkt kva som kan forklare auka ressursbruk på assistentar og spesialundervisning. Dei finn at ressursane til spesialundervisning aukar når:

  • dei kommunale inntektene aukar
  • talet på innbyggjarar i kommunen aukar
  • talet på unge i gruppa 6-15 år blir redusert 

Auken i assistentbruk kan ikkje knytast til kommunale kjenneteikn, men er felles for alle kommunar. Forskarane peiker på at lærartettleiken ikkje har gått ned.

Det ser ut til at dei nye assistentane ikkje erstattar lærarar, men at dei kjem i tillegg. Auken i assistentar har hovudsakleg skjedd i siste del av perioden 2005-2008.

Bruk av ressursar til spesialundervisning

For spesialundervisninga finn SØF at mengda enkeltvedtak har auka meir enn talet på timar til spesialundervisning.

Ressursane skal med andre ord fordelast på fleire elevar enn tidlegare. Auken gjeld både barnesteget og ungdomssteget, men auken har vore sterkast på dei lågaste stega.

Den sterke auken på dei lågaste stega kan vere eit svar på ambisjonane om å leggje til rette for ei betre tilpassa opplæring tidleg i opplæringsløpet. Framleis er det likevel slik at den delen av elevane som får spesialundervisning, aukar utover i skoleløpet.

I rapporten samanliknar ein bruken av spesialundervisning og læringsresultat i to ulike fylke med relativ lik sosial og kulturell samansetjing. SØF peikar på at fylka ser ut til å ha ulik tildelingspraksis for spesialundervisning, og at dei også har ulike resultat på nasjonale prøver. Analysen viser at timane til spesialundervisning blir fordelte på fleire elevar i Sogn og Fjordane samanlikna med Nord-Trøndelag. Det er særleg for dei fyrste stega i Sogn og Fjordane har ein høgare del elevar med enkeltvedtak samanlikna med Nord-Trøndelag.

Spesialundervisning som tiltak for å betre læringsmiljøet

SØF legg til grunn at eit stort omfang av spesialundervisning reflekterer eit dårlig læringsmiljø. Dette er knytt til at det for heile populasjonen av elevar på 5.steget er samanheng mellom kor mange som får spesialundervisning og læringsresultat.

Med dette som utgangspunkt har SØF valt å undersøkje effekten av auka bruk av spesialundervisning for elevar som ikkje får spesialundervisning. Hypotesen er at det generelle læringsmiljøet blir betre når fleire får spesialundervisning fordi dette vil auke den effektive undervisningstida for heile klassa.

SØF viser til korleis behovet for tilrettelegging kan fordelast på ulike vanskegrupper. Dei peikar på at gutar er overrepresenterte i gruppa som har åtferdsrelaterte utfordringar. Eit høgt tal med gutar gir dårlegare læringsresultat både for gutar og jenter.

SØF finn likevel at enkelte skolar ser ut til å kunne handtere utfordringar knytte til ein stor del av gutar med mindre bruk av spesialundervisning, eller at ein stor del av elevar med spesialundervisning ikkje påverkar dei andre elevane på ein negativ måte.