Opplæringslova
§ 4A-14 Samarbeid og samordning
Kommunen og fylkeskommunen skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi deltakaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom deltakaren har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal kommunen eller fylkeskommunen delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Kommunen og fylkeskommunen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde deltakarar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at kommunen og fylkeskommunen og dei andre tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Når det er nødvendig for å vareta ansvaret etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.
Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
Føyd til med lov 11 juni 2021 nr. 78 som endra med lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871).