Verkeområdet for opplæringslova er Noreg

Opplæringslova gjeld i Noreg og for dei som oppheld seg her. Rett til opplæring etter opplæringslova kan ikkje krevjast oppfylt for personar som oppheld seg i utlandet.

Gjelder

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål frå Fylkesmannen i Vestfold om verkeområdet for opplæringslova. Spørsmålet gjeld ektefellen til ein militært tilsett som er beordra til teneste i utlandet. Ektefellen ønsker opplæring etter opplæringslova kapittel 4 A under utanlandsopphaldet.

Det geografiske verkeområdet for opplæringslova

Det geografiske verkeområdet for lova er ikkje lovfesta særskilt, og det følger av allmenne rettsprinsipp at lova gjeld i riket, men ikkje for Svalbard, jf. § 2 i Svalbardlova. Det inneber at lova og retten til opplæring gjeld for dei som oppheld seg innanfor dei geografiske grensene til riket. Det følger av forarbeida til gjeldande § 1-2 i opplæringslova, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997-98).

Omgrepet «busett»

Militært personell som er beordra til teneste i utlandet, er, etter forskrift til lov om folkeregister § 5-10 nr. 2, å rekne som busette i den kommunen dei hadde bustad i ved utreisa. Det same gjeld for husstandsmedlemmene til desse personane. Omgrepet «busett» blir brukt i opplæringslova og forskrifter i fleire samanhengar for å avklare/presisere rettar og plikter. Som hovudregel er det omgrepet «busett» slik det er forstått i lov om folkeregister, som blir lagt til grunn. Som eksempel kan nemnast at pliktene kommunen har etter opplæringslova § 13-1 første ledd, gjeld overfor dei som er busette i kommunen.

Lov om folkeregister kan ikkje utvide verkeområdet for opplæringslova

Det er likevel unntak frå denne hovudregelen. For eksempel har barn som oppheld seg mellombels i kommunar dei ikkje er folkeregistrerte i, rett til opplæring der dei faktisk oppheld seg. Opphaldskommunen har da krav på refusjon frå den kommunen barnet er folkeregistrert i, jf. forskrift til opplæringslova § 18-1. Etter opplæringslova § 13-1 kan det sjå ut som om den enkelte genererer rettar etter opplæringslova med utgangspunkt i lov om folkeregister, men slik er det ikkje. Lov om folkeregister med tilhøyrande forskrifter kan i seg sjølv ikkje utløyse rettar eller plikter for den enkelte med heimel i anna lovverk utan at det er uttrykkeleg fastsett i lov. Verkeområdet for opplæringslova er som nemnt geografisk avgrensa til å gjelde her i riket. Lov om folkeregister med tilhøyrande forskrifter kan ikkje utvide verkeområdet for opplæringslova.

Kommunen har ikkje plikt til å tilby opplæring til busette i kommunen som ikkje oppheld seg i riket

Utdanningsdirektoratet legg til grunn at kommunen ikkje har plikt til å tilby opplæring til busette i kommunen som av ulike grunnar ikkje oppheld seg i riket. Det gjeld både vaksne med rettar etter kapittel 4 A og barn i opplæringspliktig alder med rettar etter kapittel 2 i lova.

Vedlegg

{{ settings.title }}

{{ settings.thankYouPlaceholder }}