Forskrift til opplæringslova
§ 3-39. Vitnemål i vidaregåande opplæring
Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.
For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1.
Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut det nye vitnemålet til privatisten. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål. For privatistar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal skrive ut vitnemålet. Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.
0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).