Forskrift til opplæringslova
§ 1-3 Vidaregåande opplæring
Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet og den fastsette tilbodsstrukturen. Læreplanverket for Kunnskapsløftet omfattar den overordna delen av læreplanverket, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.
- Elevar som får opplæring ved ein knutepunktskole etter opplæringslova § 3-9 andre ledd, har i teiknspråk, norsk og engelsk rett til opplæring i samsvar med læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for hørselshemma og engelsk for hørselshemma.
- Elevar med rett til punktskriftopplæring med meir etter opplæringslova § 3-10 har rett til inntil 456 timar i tillegg til den ordinære timeramma i fag- og timefordelinga.
Opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma.
Skoleeigaren kan leggje fag på andre trinn enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga. Skoleeigaren gir forskrifter der det kjem fram på kva trinn dei ulike faga skal liggje. Fag- og timefordelinga må sikre progresjonen i faga og at den vidaregåande opplæringa samla sett følgjer ordinær opplæringstid. Skoleeigarar som gir forskrifter om endra fag- og timefordeling, må òg tilby den ordinære fag- og timefordelinga.
Endra ved forskrifter 7 juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1 aug 2010), 14 juli 2015 nr. 902 (i kraft 1 aug 2015), 14 nov 2022 nr. 1959.