Rett til læremiddel på eiga skriftspråk

Retten til læremiddel på eiga skriftspråk er heimla i opplæringslova § 9-4, jf. forskrift til opplæringslova § 17-1. I forskrifta § 17-1 står det eksplisitt at eleven har rett til læremiddel på ønskt målform. Dette skal gjere det enklare for elevane å sikre sine språklege rettar og gjere seg nytte av opplæringa.

Kva er «til same tid og same pris»?

Det går fram av opplæringslova § 9-4 første ledd at det ”I andre fag enn norsk berre kan brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris”. Dette blir òg gjenteke i forskrifta § 17-1 andre ledd.

Skoleeigar skal kjøpe inn læremiddel som ligg føre på både nynorsk og bokmål, til same tid. Det inneber at skoleeigar ikkje kan kjøpe inn eit læremiddel som i dag berre ligg føre på bokmål, men som i løpet av dei neste månadene skal givast ut på nynorsk. Skoleeigar må da velje eit anna læremiddel. Skoleeigar kan ikkje velje å bruke læremiddel som er dyrare på det eine skriftspråkt enn det andre.

Gjeld kravet i alle fag?

I forskrifta § 17-1 andre ledd står det at kravet om språklege parallellutgåver berre gjeld for fag med årskull over 300 elevar. Det vil seie at kravet for eksempel ikkje vil gjelde for nokre av dei minste faga i fag- og yrkesopplæringa.

Kva for læremiddel vil omfattast?

Det er ikkje alle læremiddel som blir brukte i skolen som må liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. For at eit læremiddel skal omfattast av kravet, må det for det første bli brukt regelmessig i opplæringa, og for det andre må det dekkje vesentlege delar av kompetansemåla eller vere viktig for dei grunnleggjande ferdigheitene i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Dette står i forskrifta § 17-1 tredje ledd.

Skoleeigar må vurdere konkret, etter skjønn, om læremiddelet skal ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, eller er omfatta av eit unntak.

Omgrepet «læremiddel» er avgrensa til å vere «utvikla til bruk i opplæringa». Dette står i forskrifta § 17-1 fjerde ledd. Det vil seie at læraren kan ta i bruk element i opplæringa som er utvikla til anna bruk, sjølv om dei ikkje ligg føre på både nynorsk og bokmål. Reglane er dei same for trykte og digitale læremiddel.

Reglane i § 17-1 skal ikkje hindre at elevane får eit breitt tilfang av læremiddel i opplæringa. Det er gitt unntak frå kravet til språklege parallellutgåver for kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, aviser, oppslagsverk og liknande i § 17-2. Dette gjeld uansett om desse elementa blir brukte regelmessig. Denne presiseringa er eigentleg overflødig, da desse vanlegvis verken vil vere utvikla til bruk i opplæringa eller vil dekkje vesentlege kompetansemål.

For læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, er det ikkje krav om språkleg parallellutgåve. Dette unntaket gjeld i hovudsak for språkfag. Her må det gjerast ein skjønsmessig vurdering av til kor mykje av teksten som er på norsk. Det skal ein del til før vilkåret om «ein mindre del» er oppfylt. Dette står i § 17-2 tredje ledd.

Kor ligg ansvaret?

Skoleeigar har ansvar for å oppfylle retten som elevane har til læremiddel på eiga skriftspråk. Dette står i forskrifta § 17-3. Dette inneber at skoleeigar ved innkjøp av læremiddel må sikre at desse ligg føre på både bokmål og nynorsk, og at elevane får læremiddel på det skriftspråk dei ønskjer.

Plikta til skoleeigaren gjeld uavhengig av kor mange elevar som bruker nynorsk eller bokmål. Det er ikkje høve til å fråvike kravet på grunnlag av talet på brukarar i kommunen/fylket. Dette vil òg seie at skoleeigarar med få eller ingen brukarar av eit skriftspråk, berre kan kjøpe inn læremiddel som ligg føre på både bokmål og nynorsk.

Det er presisert at skoleeigar skal ha eit forsvarleg system som sikrar rettane til elevane, jf. opplæringslova § 13-10.