Opplæringslova
§ 9-4 Lærebøker og andre læremiddel
I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.
Norske og samiske lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med offisiell rettskriving. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som elevane regelmessig bruker for å nå vesentlege delar av kompetansemåla i eit fag.
Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.
Ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennast av Språkrådet.
Departementet gir nærmare forskrifter om kva læremiddel som er omfatta av kravet i første leddet.
Reglane i første og fjerde ledd gjeld ikkje for samiske læremiddel.
Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 25 juni 2010 nr. 982), 21 mai 2021 nr. 42 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 21 mai 2021 nr. 1619).