Privatskolelova
§ 3-5 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
Elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til slik opplæring. Departementet er klageinstans.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved.
Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen eller fylkeskommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.
Private skolar kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper eller klassar når det ligg føre vedtak frå kommunen eller fylkeskommunen om slik organisering, og om at den private skolen kan gi slikt opplæringstilbod. Private skolar som vil gi enkeltelevar slikt opplæringstilbod, må gi kommunen eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse saka før denne gjer vedtak etter opplæringslova § 2-8 femte ledd eller § 3-12 femte ledd.
Føresegna gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.
Endra med lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997). Vert endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft frå den tida Kongen fastset).