Forskrift til privatskolelova
§ 7A-7 Avgrensingar i forsikringsdekninga
Forsikringa kan gjere unntak frå dekning av ulykkesskade som har si årsak i
- forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
- infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
- smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
- psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.
Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).