Forskrift til privatskolelova
§ 7A-6 Tilbakebetaling av utgifter til behandling
Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende, til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til
- lege og tannlege
- medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
- reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven
Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.
Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.
Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.
Tilføyd ved forskrift 24 juni 2008 nr. 725 (i kraft 1 juli 2008).