Forskrift til privatskolelova
§ 3-43. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.
I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen. Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.
For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.
Elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurdert etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.
0 Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 23 juni 2022 nr. 1159, 9 april 2024 nr. 605.