Forskrift til privatskolelova
§ 3-42. Kompetansebevis
Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.
Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 fastset at standpunktkarakterar skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.
For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.
0 Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 15 juni 2022 nr. 1056, 23 juni 2022 nr. 1159.