Forskrift til privatskolelova
§ 11-2 Vilkår for inntak og prioritering
Vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova, kan berre ta inn søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3. Skolar nemnde i § 11-3, kan òg ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 skal prioriterast føre vaksne søkjarar.
For vaksne søkjarar mellom 19 og 24 år utan rett til vidaregåande opplæring og vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Noreg, kan ei vurdering av søkjarens formalkompetanse erstatte kravet om ei realkompetansevurdering i privatskolelova § 3-1 andre ledd. For vaksne søkjarar over 25 år med kort butid i Norge, kan ei vurdering av formalkompetansen skje på grunnlag av dokumentasjon som fortel kva for fag søkjaren må ta for å kome vidare i utdanningsløpet. Slik dokumentasjon kan vere frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vurderinga av formalkompetansen er individuell og skal dokumentere søkjarens gjennomførte vidaregåande opplæring. Det er dagleg leiar som skal vurdere formalkompetansen, og eleven må sjølv leggje fram den nødvendige dokumentasjonen.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrifter 9 juni 2020 nr. 1198, 15 juni 2022 nr. 1056, 16 des 2022 nr. 2323 (i kraft 1 jan 2023).