Forskrift til privatskolelova
§ 11-1 Elevstatus og bruk av retten til vidaregåande opplæring
Alle som blir tekne inn ved ein vidaregåande skole som driv verksemd etter privatskolelova, blir rekna som elevar.
Elevar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av retten dersom opplæringa utgjer 1/3 eller mindre av timetalet frå eit utdanningsprogram eller eit programområde.
Tilføyd ved forskrift 4 juli 2016 nr. 872 (i kraft 1 aug 2016), endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1056.