Veg- og anleggsfaget (VOA03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje
    å byggje og halde ved like infrastruktur etter teikningar, beskrivingar, standarder og toleransekrav og preaksepterte løysingar ved å
    bruke
    ulike prosjektverktøy og
    vurdere
    konsekvenser av avvik fra toleransekravene
  • utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta materiale og utstyr og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit,
    bruke
    verne- og sikringsutstyr og
    reflektere
    over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • gjere greie for
    og
    bruke
    kvalitetssikringssystem,
    dokumentere
    eige arbeid og handtere avvik
  • risikovurdere arbeidsoppdrag,
    gjennomføre
    ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og
    reflektere
    over konsekvensane av støy, vibrasjonar og støveksponering
  • velje ut og
    bruke
    masseforflyttingsmaskiner og utstyr ut frå arbeidsoppgåve og gjeldande regelverk, og
    vurdere
    konsekvensane for miljøet og ressursbruken
  • bruke
    GPS- og maskinstyringssystem ved bruk av masseforflytningsmaskiner
  • vurdere
    farar ved gjenståande sprengstoff, varsle om fare og setje i verk tiltak for å fjerne sprengstoff
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle kjemikalium, uønskte plantar og organismar og iverksette tiltak ved feilhandtering
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • utføre arbeidsvarsling i samsvar med gjeldande regelverk og
    vurdere
    kva risikofaktorar som kan påverke trafikkavviklinga
  • sikre og sperre av byggje- og anleggsområde og
    drøfte
    ulike tiltak som sikrar risikoutsette arbeidsforhold
  • bruke
    fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og velge ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og
    gjere greie for
    pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og
    reflektere
    over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • utføre stikking og nivellering
  • vurdere
    grunnforhold,
    vurdere
    massetypar og bruksområda deira og
    gjere greie for
    korleis geologiske forhold påverkar arbeidet
  • fundamentere grunnen, komprimere massar og
    dokumentere
    arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk
  • byggje opp og halde ved like infrastrukturar over og under jorda etter teikningar og beskrivingar
  • leggje ulike typar røyr og setje ned og montere vass- og kabelkummar etter teikningar og beskrivingar
  • montere ulike typar betongelement og sikringsmateriell i ulike materiale over og under jorda etter teikningar og beskrivingar
  • bore i berggrunnen manuelt og maskinelt og
    drøfte
    korleis ulukker ved boring kan førebyggjast
  • forskale, armere og støype mindre betongkonstruksjonar etter teikningar og beskrivingar
  • setje opp murar i ulike materiale etter teikningar og beskrivingar
  • drenere grunnen etter gjeldande regelverk og
    drøfte
    korleis lokale forhold påverkar dreneringsmetoden

Undervegsvurdering