Vg3 dataelektronikarfaget (DAT03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter reparasjon og vedlikehald
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje,
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
gjennomføreogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
dokumenterearbeidsoppdrag i programfaget reparasjon og vedlikehald individuelt og i samarbeid med andre, og grunngi val ogÅ dokumentere er å vise kva vi har gjort, og gjerne òg korleis og kvifor. Dokumentasjonen kan ha ulik form og vise kvaliteten på ein arbeidsprosess, eit produkt eller ei teneste.
vurderekvaliteten på eige arbeidÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- risikovurdere arbeid i programfaget reparasjon og vedlikehald og utføre arbeidet effektivt, estetisk og i tråd med gjeldande regelverk, standardar, rettleiingar, teknisk dokumentasjon og aktuelle kvalitetssikrings- og internkontrollsystem
- utføre arbeidet i tråd med elsikkerheitskrav, utføre livreddande førstehjelp, arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp,brukeverneutstyr og
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
drøftekorleis sikkerheitsarbeid kan førebyggje ulykkar og skaderÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- utføre systematisk feilsøking i programfaget reparasjon og vedlikehald ved hjelp av eigna måleinstrument og dokumentasjon ogvurderemåleresultat opp mot forventa og berekna verdiar
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- reparere elektronisk utstyr i programfaget reparasjon og vedlikehald på krinskort- og komponentnivå ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon, ogvurderekor lang tid reparasjonen vil ta, og kor lønnsamt det vil vere å reparere
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- reparere og vedlikehalde datasystemer og foreslå tiltak for å unngå tap av lagra informasjon som følgje av reparasjons- og vedlikehaldsarbeidet
- reparere og vedlikehalde kraftelektronisk utstyr og system for elektronisk spenningsomforming ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon ogdrøftebruksområde til kraftelektronisk utstyr
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- vurdereog setje i verk tiltak for å hindre elektromagnetisk interferens og for å sikre elektromagnetisk kompatibilitet ved reparasjon og vedlikehald
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- kontrollere og vedlikehalde batteri med tilhøyrande ladesystem oggjere greie forfarar i samband med arbeid med batteri
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- reparere og vedlikehalde trådlause sensor- og kommunikasjonssystem med høvesvis kort og lang rekkjevidd og lågt straumforbruk ved hjelp av eigna verktøy, programvare og dokumentasjon
- reparere nettverksbaserte multimediesystem ved hjelp av eigna verktøy og dokumentasjon oggjere greie forkorleis systema er bygde opp og fungerer
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- gjennomførefjerndiagnose og autodiagnose av elektronisk utstyr via elektroniske kommunikasjonsnett og
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
gjere greie forbruk av desse formene for diagnostisering i programfagetÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- utforsketeknologiar som gjer det mogleg å visualisere prosedyrar for vedlikehald av elektronisk utstyr, og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
reflektereover korleis bruk av desse teknologiane kan påverke organiseringa og utføringa av reparasjons- og vedlikehaldsarbeidÅ reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- diskutere verdien av å oppleve meistring og stoltheit over eige arbeid og av å oppleve tilhøyrsel og tryggleik i eit arbeidsmiljø uavhengig av kjønn og kultur
- handtere avfall etter eige arbeid miljømessig og økonomisk,drøftekorleis reparasjon av elektronisk utstyr bidreg til at færrast mogleg ressursar går tapt, og slette sensitiv informasjon ved avhending
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget reparasjon og vedlikehald når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget reparasjon og vedlikehald. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget reparasjon og vedlikehald ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget reparasjon og vedlikehald basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.