Biologi (BIO01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter biologi 2

  • utforske
    ei biologisk problemstilling,
    analysere
    innsamla data, argumentere for val av metodar og
    drøfte
    resultat og funn
  • utforske
    faktorar som regulerer vekst i og storleiken på populasjonar, og
    drøfte
    interessekonfliktar rundt forvaltning av populasjonar
  • utforske
    og
    dokumentere
    artsmangfald gjennom feltarbeid,
    drøfte
    resultat og funn og
    vurdere
    korleis artane er tilpassa økosystemet dei lever i
  • gjere greie for
    energistraum og sentrale stoffkrinsløp
  • drøfte
    korleis menneskeleg aktivitet påverkar krinsløpa, og
    utforske
    tiltak for å vareta dei
  • utforske
    korleis enzym fungerer, og
    gjere greie for
    den rolla enzym speler i metabolske prosessar
  • samanlikne
    korleis energi blir omdanna gjennom fotosyntesen og celleandinga, og
    vurdere
    kva påverknad ulike faktorar har på energiomsetning
  • gjere greie for
    genetisk kode og regulering av genuttrykk, og
    beskrive
    korleis genteknologi kan brukast for å styre og endre genuttrykk
  • gjere greie for
    korleis eigenskapar blir arva, og
    utforske
    årsaker til genotypisk og fenotypisk variasjon i populasjonar
  • utforske
    korleis evolusjonære prosessar påverkar genlageret til populasjonar, og
    samanlikne
    ulike mekanismar for artsdanning
  • vurdere
    kommersiell bruk av genteknologi i medisin og matproduksjon, og
    drøfte
    etiske problemstillingar ved bruk av slik teknologi

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering