Biologi (BIO01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter biologi 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggjeog
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
gjennomføreundersøkingar, samle, behandle ogÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
tolkedata, ogÅ tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
presentereresultat og funnÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
- utforskekorleis dei taksonomiske kriteria har endra seg i tråd med den teknologiske utviklinga, og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
samanlikneorganismar med omsyn til fellestrekk og variasjonÅ samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
- utforskesamanhengar mellom anatomi og fysiologi og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
gjere greie forprinsippa for livsprosessane i organismarÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- gjere greie forkorleis utvalde reguleringsmekanismar styrer homeostase hos mennesket, og undersøkje korleis livsstil kan påverke disse mekanismane
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- utforskesamanhengar mellom cellestrukturar og -funksjonar og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
gjere greie forkorleis cellulære membranar dannar grunnlag for kommunikasjon mellom cellerÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- samanliknekorleis ulike celler deler seg, og
Å samanlikne er å undersøke likskapar og skilnader mellom to eller fleire forhold.
gjere greie forkvifor regulering av celledeling er viktig for vekst og reparasjonÅ gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- gjere greie forkorleis virale og mikrobielle sjukdommar oppstår, spreier seg og blir nedkjempa
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- drøftekorleis vaksinar førebyggjer og vernar mot sjukdom på individ- og populasjonsnivå
Å drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- gjere greie forbruk av antibiotika og
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
drøftemoglege konsekvensarÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- utforskeabiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem,
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
drøftesamanhengar som forklarer det biologiske mangfaldet og reflekter over naturens eigenverdiÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
- utforskekva konsekvensar endringar i klima og arealutnytting kan ha for det biologiske mangfaldet, og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
drøftetiltak for ei meir berekraftig forvaltningÅ drøfte er å belyse ei sak ved å trekke fram ulike sider av saka, og argumentere både for og imot. Drøftinga kan slutte med ein konklusjon. Å drøfte kan vi gjere sjølvstendig og i dialog med andre. Ordskifte mellom fleire om eit saksforhold kan bety det same som å diskutere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i biologi 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i biologi 1 ved å bruke fagspråk, fagteori og modellar til å utforske, drøfte og gjere greie for biologiske system og prosessar, og korleis biologisk kompetanse kan brukast. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei behandlar og tolkar innsamla data, og kritisk vurderer og presenterer resultata og funna sine.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske og utforskande arbeidsmåtar i forsøk, felt og på andre læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i biologi 1, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring, og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i biologi 1.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter biologi 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i biologi 1 basert på kompetansen eleven har vist av innsikt i og forståing av biologiske system og prosessar, og kunnskap om korleis biologisk kompetanse kan brukast i samfunnet. Også kompetanse eleven har vist i og gjennom feltarbeid og praktisk og utforskande arbeid med faget, skal liggje til grunn for standpunktvurderinga.