Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

5. Tilvising til PP-tenesta - fase 2

Når kommunen / vaksenopplæringa / den vaksne sjølv meiner at den vaksne treng spesialundervisning, skal kommunen formelt vise saka til PP-tenesta, slik at det blir gjort ei sakkunnig vurdering av behovet.

5.1 Krav til samtykke frå den vaksne

Den vaksne må samtykke før det blir gjort ei sakkunnig vurdering, jf. opplæringslova § 5-4 andre ledd, jf. § 4A-2 tredje ledd .

Dersom den vaksne ikkje samtykker, kan ikkje PP-tenesta utarbeide ei sakkunnig vurdering av behova hans/hennar.

Dersom den vaksne har bedt om spesialundervisning, trengst det ikkje samtykke til sakkunnig vurdering. Samtykket ligg da implisitt. Dersom den vaksne har bedt om spesialundervisning munnleg, bør ein likevel sørge for skriftleg samtykke.

5.2 Tilvisinga bør vere skriftleg

Tilvisinga til PP-tenesta bør skje skriftleg. Mange kommunar har eigne rutinar for tilvising til PP-tenesta, mellom anna eit tilvisingsskjema. Vi rår til å bruke det.

Dersom den vaksne har fått ordinær grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4 A-1 før tilvisinga til PP- tenesta, bør vaksenopplæringa legge ved dei vurderingane som er gjorde, beskrive kva tiltak som er sette i verk for å tilpasse opplæringa, og ei evaluering av desse tiltaka. Det kan også vere relevant å legge ved informasjon frå helsetenesta, for eksempel ved sjukdom eller ulykke, eller informasjon frå den vidaregåande skolen. Dette krev samtykke frå den vaksne.

Vi rår til at den vaksne får ein kopi dersom tilvisinga skjer skriftleg.