Skolemiljøtiltak - vurdere det beste for eleven

Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i korleis skolen arbeider med skolemiljøsaker. Skolen skal sørgje for at involverte elevar vert høyrde. Det gjeld både plikta til å følgje med, varsle, undersøkje og setje inn tiltak.

Å høyre eleven

Når de i skolen skal fastsetje eigna tiltak i skolemiljøsaker, skal de alltid vurdere kva for tiltak som er til det beste for eleven. For å finne kva som er til det beste for eleven, må de undersøkje saka og la eleven få uttale seg om si eiga oppleving av og syn på saka. Det er inga nedre aldersgrense for retten elevar har til å verte høyrde.

For at merknadsretten til elevane skal vere reell, må skolen sørgje for at elevane

  • får informasjon om prosessen
  • vert inviterte til å skildre hendinga slik dei opplever ho
  • får gje uttrykk for sine meiningar, sin vilje og sine ønske

Inga plikt til å uttale seg

Sjølv om elevane har ein rett til å verte høyrde, har dei inga plikt til å uttale seg. Elevane må ikkje nødvendigvis ha meiningar om løysinga av saka for å kunne uttale seg. Det kan vere han eller ho berre meiner noko om somme sider av saka. Det er ikkje eit krav at foreldra samtykkjer når skolar høyrer elevar i saker etter opplæringslova kapittel 9 A.

Alle involverte elevar skal verte høyrde

Skolen skal sørgje for at alle involverte elevar vert høyrde. Det vil seie at de skal høyre både den eleven som ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, og andre elevar som er direkte involverte i saka. Kva for elevar de skal prate med og korleis, vil avhenge av dei enkelte sakene.

Å høyre elevar er noko anna enn å vurdere kva som er til beste for eleven

Å høyre eleven handlar om å få fram kva eleven synest om saka. Kva eleven synest, er berre eit av fleire moment i vurderinga av kva som er til beste for eleven.

Vurdere det beste for eleven

Behova og føresetnadene til eleven er utgangspunktet for korleis de skal vurdere kva som er til det beste for eleven. Skolen må gjere ei konkret og individuell vurdering i kvart tilfelle. 

Moment i ei vurdering av det beste for eleven kan vere

  • eleven sitt syn
  • identiteten, karaktertrekka og eigenskapane til eleven
  • familiemiljø og nære relasjonar
  • eleven sin rett til vern, omsorg og tryggleik
  • sårbarheita til eleven
  • den fysiske og psykiske helsa til eleven
  • retten eleven har til utdanning

Alle momenta er relevante, men i større eller mindre grad ut ifrå den konkrete situasjonen for eleven. Andre moment enn dei som er skildra her, kan også vere relevante. Momenta gjeld generelt for alle saker som gjeld barn og unge, ikkje berre skolemiljøsaker.

Avvege dei ulike momenta

Skolen må avvege dei ulike momenta i vurderinga om det beste for eleven mot kvarandre for å komme fram til kva som er det beste for eleven i den aktuelle saka.

Kor stor vekt skal skolen leggje på det synet eleven har?

Synspunkta til eleven skal tilleggjast «behørig vekt i samsvar med dets alder og modenskap».

Ulike moment i vurderinga av kor stor vekt skolen skal leggje på synet til eleven syn kan vere

  • alderen og modenskapen til eleven
  • kor sterkt ønske eleven har
  • om dette er eit ønske eleven har halde fast ved over lengre tid
  • kva type spørsmål det gjeld
  • om eleven har forståing for konsekvensane av ønsket sitt
  • styrken av dei momenta som eventuelt talar mot å ta omsyn til synet til eleven

Korleis skolen vurderer kva som er til det beste for eleven, samsvarar ikkje nødvendigvis med kva eleven sjølv eller foreldra ønskjer. Skolen må gjere ei sjølvstendig vurdering basert på fagleg kompetanse av kva for tiltak som er til det beste for den enkelte eleven. 

Vurderinga av det beste for eleven skal bidra til at skolen fastset tiltak som sikrar at eleven får oppfylt sin rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Avvege omsyn til det beste for eleven opp mot andre omsyn

Når skolen har komme fram til kva for tiltak som er til det beste for eleven, må skolen vurdere dette opp mot eventuelle andre omsyn i saka. Omsynet til det beste for eleven er eit grunnleggjande omsyn og ein svært viktig faktor, men ikkje den einaste faktoren.

Interessene til enkeltelevar i ei sak må vegast opp mot kvarandre

Dersom det er fleire elevar involverte i ei sak, skal det beste for elevane verte vurdert enkeltvis. Dei ulike interessene til elevane kan stå i motsetning til kvarandre. Skolen må forsøkje å finne den løysinga som best tar vare på retten til eit trygt og godt skolemiljø for alle elevane.

Om det er motstrid mellom omsyna, må skolen avgjere kva for omsyn dei skal tilleggje mest vekt. Det viktigaste er at skolen fastset tiltak som sørgjer for at mobbinga eller andre krenkingar stoppar, og at skolen tar vare på både den eller dei som har vorte mobba eller krenka, og dei elevane som krenkar eller mobbar.

Slik tar du vare på barnekonvensjonen i saksbehandlinga