Barnekonvensjonen i saksbehandlinga

Rettleiinga kan brukast i saksbehandling etter barnehagelova, opplæringslova og privatskolelova som vedkjem barn og unge.

Barnekonvensjonen krev at saksbehandlinga skal vere effektiv, barnevennleg og lett tilgjengeleg:

  • Å ta vare på det beste for barnet inneber mellom anna at saksbehandlinga ikkje må ta for lang tid. Barn har eit anna tidsperspektiv enn vaksne. Det kan derfor vere skadeleg for barn at saksbehandlinga drar ut.
  • Det skal vere mogleg for barnet å forstå kva som går føre seg. Saksbehandlinga må ligge føre i ei form og eit språk som barn forstår.
  • For at barn og unge skal få oppfylt rettane sine, må handhevings- og klageordningar vere kjende og tilgjengelege for dei.

Barnekonvensjonen

Lytt til barna

Barn har rett til å uttale seg om alle forhold som vedkjem dei (artikkel 12 i barnekonvensjonen), men dei har inga plikt til å uttale seg. I saksbehandlinga skal du undersøke kva syn barnet har, og dette synet skal tilleggast vekt i samsvar med alder og modenskap. Barnet må ikkje nødvendigvis ha meiningar om korleis ei sak skal løysast, for å uttale seg. Det er tilstrekkeleg at barnet meiner noko om enkelte sider av ei sak.

Her er nokre råd du kan følge når du skal snakke med eit barn:

  • Snakk med barnet så tidleg som mogleg i saksbehandlinga.
  • Hovudprinsippet er at barn skal høyrast direkte. Vurder behovet for særskild tilrettelegging, jf. artikkel 2 (ikkje-diskriminering).
  • Du kan snakke med barnet på skolen, heime hos familien til barnet, via Skype, på ein nøytral stad, hos statsforvaltaren eller i Utdanningsdirektoratet.
  • Vurder kven som skal snakke med barnet, og avklar om barnet skal ha med seg nokon i samtalen, for eksempel foreldre.
  • Du skal tillegge synspunkta til barnet vekt i samsvar med alder og modenskap.

Barn har inga plikt til å uttale seg, men dei skal få høve til det. Det må leggast til rette slik at barnet ikkje opplever høyringa som ei byrde.
Barnet skal kunne uttrykke seg fritt om saka. Vi skal legge til rette og ufarleggjere situasjonen der barn blir høyrde.

Det beste for barnet

I saksbehandlinga skal du vurdere kva som er best for barnet ut frå situasjonen det er i, og kva behov det har, uavhengig av økonomi. Lang saksbehandlingstid kan vere i strid med det som er det beste for barnet. Å undersøke kva synspunkt barnet har, er nødvendig for å vurdere kva som er best for barnet.

Det beste for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar som vedkjem barn (artikkel 3).

Barnekonvensjonen i saksbehandlingen