Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2 (MFG2-02)

Råvarer, produksjon og kvalitet

Råvarer, produksjon og kvalitet

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid i samsvar med relevant regelverk og styringsdokument i matfag
  • drøfte matfag si rolle i samband med kosthald, ernæring og levevanar og gjere greie for tiltak som kan betre folkehelsa
  • praktisere personleg hygiene og produksjonshygiene i samsvar med gjeldande regelverk
  • vurdere kvaliteten av råvarer, hjelpestoff og tilsetjingsstoff
  • velje produksjonsmetode og råvarer i samsvar med resept og produktbeskriving
  • lage lokale spesialitetar og andre produkt innan matfag
  • vurdere og kontrollere kvaliteten under produksjonsprosessen og i ferdig vare
  • gjere greie for dei endringane som skjer med råvarer under lagring og i produksjonsprosessane
  • forklare korleis ulike råvarer og produksjonsprosessar påverkar næringsinnhaldet i produkta
  • presentere og forklare ein produksjonsprosess
  • klargjere ein maskin eller ei maskinlinje i samsvar med produksjonsbeskrivinga
  • halde ved like og bruke handreiskapar, maskinar og utstyr på ein fagleg korrekt måte
  • gjere greie for hovudprinsippa for automatiserte produksjonsprosessar
  • bruke enkle måle-, styrings- og reguleringsteknikkar i produksjonsprosessen
  • gjere greie for korleis ein kan unngå skadedyr og insekt i produksjonsutstyr, produksjonslokale og produkt
  • bruke aktuelle konserveringsteknikkar

Side 7 Av 10

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!